Ein kveld med Sigbjørn Heie

No gir Det Norske Samlaget ut ei ny utgåve av hans Dikt i utval. Me vil feira han med eit program i Litteraturhuset i Bergen onsdag 11. november kl. 19. Her vil Sigbjørn Heie sjølv lesa dikt, og det blir opplesingar av kollegaene Ragnar Hovland, Eli Fossdal Vaage og Einar Økland. Per Olav Kaldestad er programleiar.

Ein kveld med Sigbjørn Heie

Forfattaren Sigbjørn Heie fylte 70 i år. Han debuterte i 1972 og har skrive 13 diktbøker og ei rekkje forteljingsbøker for born og vaksne. Heie markerte seg straks som ei særeigen stemme i norsk lyrikk.

No gir Det Norske Samlaget ut ei ny utgåve av hans Dikt i utval. Me vil feira han med eit program i Litteraturhuset i Bergen onsdag 11. november kl. 20.00. Her vil Sigbjørn Heie sjølv lesa dikt, og det blir opplesingar av kollegaene Ragnar Hovland, Eli Fossdal Vaage og Einar Økland. Per Olav Kaldestad er programleiar.

Frå forlaget si omtale av boka
"Sigbjørn Heie debuterte i 1972 med diktsamlinga Bilete. Han markerte seg straks som ei særeigen stemme i norsk lyrikk. Dikta hans er sanselege og skaper rom for ettertanke og innsikt. Denne samlinga er eit representativt utval av dikta forfattaren har skrive frå debuten og fram til 1997. Denne utgåva inneheld eit nytt intervju med Heie ved Per Olav Kaldestad og Einar Økland."

Arrangementet er gratis

Arrangør:

Norsk Forfattersentrum Vestlandet i samarbeid med

Samlaget

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa