9000 Tromsø – Gratis skrivekurs med Sigrid Agnethe Hansen

Korleis kan ein frustrasjon du opplever i kvardagen bli til ein god kronikk? Korleis kan depressive tankar bli til gode dikt? Korleis bruke humor for å få fram poenget sitt?

9000 Tromsø – Gratis skrivekurs med Sigrid Agnethe Hansen

Foto: Fabian Ubeda (Sigrid Agnethe Hansen) og Tvibit (Sebastian Wilches)

Er du mellom 15-19 år? Har du noko du vil seie? Forfattar Sigrid Agnethe Hansen vil hjelpe deg frå tanke til tekst!

Gjennom å sjå på dei ulike formata som finst, vil ho hjelpe deg med å finne ei form og eit format som passar akkurat deg og din tekst. Du vil få ulike oppgåver, med tips og triks for å få nettopp din tekst til å leve. Vil du ikkje dele teksten med gruppa, treng du ikkje gjere det.

Tid: Torsdag 23. januar, kl. 17.00–21.00
Sted: Tvibit, Tromsø

Under kurset vil det bli servert gratis mat. Meld frå om eventuelle allergiar ved påmelding.

Sigrid Agnethe Hansen(f. 1989) er forfattar og journalist. Ho har lang erfaring med å skrive ei rekke ulike tekster – frå skjønnlitteratur retta mot ungdom, til kronikkar om alvorlege tema og humoristiske kåseri. Hansen debuterte med boka Ser du dette? i 2020. I 2023 fekk ho tildelt Blixprisen for den andre boka Du veit ingenting.

Dette skrivekurset er ein del av Norsk Forfattersentrums prosjekt #PostkodeNorge.

#PostkodeNorge er en kreativ pakke til barn og ungdom med adresse i heile landet. Formålet er å inspirere til å lese, å skrive og å ytre seg. Prosjektet skal bidra til at unge med ulike bakgrunnar evner å komme til orde og sikre eit bredt meiningsmangfold.

Prosjektet er støtta av Kulturdirektoratet.

Påmelding

Skjemaet er sendt!
Du skal ha mottatt en kopi på e-post. Dersom du ikke mottar kopien, kontakt #PostkodeNorge-ansvarlig Ida Endestad.
Oops! Something went wrong while submitting the form.

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa