6 timar til midnatt

Frode Grytten i eit maratonintervju med kollega, ven og journalist Finn Tokvam.

6 timar til midnatt

Vi oppmodar publikum om å kome med spørsmål. Festspeldiktaren får også sjanse til å stille seg sjølv dei spørsmåla han i alle år har drøymt om å få. Opplesing ved Tomas Espedal, Henning H. Bergsvåg og Erlend O. Nødtvedt.

I grunngjevinga for valet av Frode Grytten som festspeldiktar heiter det mellom anna:
Frode Gryttens stil er umiskjenneleg. Skjønnlitteraturen hans er inderleg og manande, men har også humor, skarpe karakteristikkar og kraftig klo. Han kjem stadig tilbake til industristaden Odda, men tekstane hans er først og fremst portrett av menneske og relasjonar. Frode Grytten skriv om den vanskelege kjærleiken, anten det gjeld ein kjærast, omsorgsperson, ein plass eller eit band.
Sjå heile grunngjevinga her

Frode Grytten (f. 1960) debuterte i 1983 med diktsamlinga Start. Seinare har han skrive romaner, noveller, dikt og barnebøker. For Bikubesong (1999) fekk han Brageprisen og den blei også innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. Teaterversjonen av Bikubesong hausta strålende kritikkar og trakk fulle hus både i Oslo og Bergen. Han fekk Rivertonprisen for kriminalromanen Flytande bjørn i 2005, og for Rom ved havet, rom i byen fekk han Melsomprisen i 2008.

Lille Ole Bull Scene Kl. 18.00

Bill: kr. 100/80 – Billettsal hos Norli Galleriet, fram til ein time før arrangementet. Tlf: 55214280 – e-post: galleriet@norli.no

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa