Skulebibliotek i Bergen er «Årets bibliotek 2023»

Torsdag vart det klart at biblioteket ved Årstad vidaregåande skule i Bergen er «Årets bibliotek 2023».

Bokhavet bokklubb ved Årstad vidaregåande skule i Bergen. Foto: Biblioteket ved Årstad vidaregåande skule.

I følge ei pressemelding frå Norsk Bibliotekforening, som har delt ut utmerkinga Årets bibliotek sidan 1988, får skulebiblioteket i Bergen prisen for «innsatsen sin for å skape ein lesekultur på skulen, og for å vere eit førebilete for andre skulebibliotek.»

Glad skulebibliotekar: Daniel Kvamme Høvik ved Årstad vidaregåande skule. Foto: Biblioteket ved Årstad vidaregåande skule.

«Årstad vidaregåande skule har om lag 900 elevar og har stort sett yrkesfaglege studieretningar» heiter det vidare i pressemeldinga. «Biblioteket satsar offensivt for å skape ein lesekultur på skulen. Dei har leseaksjon, bokpodkasten 'Årstad les', bokklubben 'Bokhavet' og litteraturprisen 'Gullkroken'. Det siste i samarbeid med Litteraturhuset i Bergen og Bergen internasjonale litteraturfestival. Mykje av arbeidet dei gjer verkar også sosialt utjamnande. Elevane på skulen har ulik sosial bakgrunn, men her får alle ein sjanse til å bli med i eit kulturelt miljø som det elles kan vere vanskeleg å ta del i.»

– Klarer å skape entusiasme for lesing og litteratur blant ungdom

Juryleiar Vidar Lund. Foto: Norsk Bibliotekforening

Juryleiar og nestleiar i Norsk Bibliotekforening Vidar Lund utdjupar grunngjevinga:

– Det har nyleg komme nedslåande resultat frå internasjonale leseundersøkingar som viser sviktande leseevne og interesse for lesing blant barn og unge. Derfor er det det gledeleg å sjå at biblioteket på Årstad med den aktive formidlinga si klarer å skape entusiasme for lesing og litteratur blant ungdom. Biblioteket er ein verdig vinnar av Årets bibliotek 2023. Dette er også ein pris til ein skule som brukar biblioteket sitt som ein viktig aktør for dialog, gode relasjonar og elevaktive læringsformer.

Fleire sterke kandidatar blant dei nominerte

Andre bibliotek som var nominert til Årets bibliotek saman med biblioteket ved Årstad vidaregåande skule, var Samnanger folkebibliotek, Sør-Varanger bibliotek, Fagbiblioteket på Sjukehuset i Vestfold og Lillestrømbibliotekene.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene