Korleis kan vi i fellesskap snakke og tenke rundt litterære verk som utfordrar kategoriane vi er vande med å forhalda oss til? Spørsmålet er utgangspunktet når Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Hordaland kunstsenter no går saman om arrangementsserien «Mellom sjangrar».
– Det er alltid spennande når dei ulike felta møtest utanfor sine tradisjonelle scener og institusjonar, utdjupar prosjektleiar ved Norsk Forfattersentrum Vestlandet Eva Lene Gilje Østensen. – Kor fruktbart det kan vere å snakke saman på tvers av kunstartane, har me fått eit godt døme på her i Bergen dei siste månadane, etter at byrådet presenterte kutta i forslaget tilbudsjett.
Clarice Lispector
Første arrangement i serien går av stabelen allereie torsdag 21. november. Då kjem forfattar, performancekunstnar og filosof Carol Stampone til Hordaland kunstsenter for å framføre ei performativ lesning av fragment frå Agua Viva av Clarice Lispector. Stampone vil lese både på portugisisk og engelsk, og dele sitt perspektiv på forfattarskapet til den brasilianske forfattaren som spelte ei sentral rolle i den litterære avantgarden frå 1940-åra og framover.
Fokus på sjangerblanding
Dato for dei neste arrangementa er ikkje spikra, men prosjektleiar Gilje Østensen røpar at Lene Berg, Gunnar Wærness og Silje Linge Haaland alle har takka ja til å vere med.
Først nemnde, filmregissør og kunstnar Lene Berg, fekk i 2023 mykje merksemd for debutromanen Fra far (Kolon forlag). I boka blandar Berg ei rekke ulike sjangrar, blant anna brev, psykiatriske rapportar og rettsdokument i forteljinga om faren Arnljot Berg. Det same materialet spelte også ei sentral rolle i Berg si festspelutstilling i 2022.
Poet og bildekunstnar
Silje Linge Haaland er forfattar og bildekunstnar, og arbeider også med video, skulpturar, lyd og koreografi. Haaland har stilt ut på ei rekke større arenaer, blant anna Henie Onstad Kunstsenter og det nye Munchmuseet. I 2021 debuterte ho som poet med Desperasjonsanimasjon (Gyldendal).
«Ubeskrivelige sceneopptredener»
Gunnar Wærness har i tillegg til å vere kritikarrost poet, markert seg som opplesar og scenekunstar. Mest kjent er kanskje samarbeidet med Henrik Skotte. Duoen Brødet & Eselet blir av Forlaget Oktober presentert som ei «slags kabarettgruppe, men også et band og et teater, som blander performance og poesi, revy, punk og jazz i sine nærmest ubeskrivelige sceneopptredener, med et karaktergalleri bestående av blant annet skurker, mislykkede revolusjonære og fisker som går på land». Det burde med andre ord vere openlyst kvifor Wærness er invitert til å vere med på eit «Mellom sjangrar»-arrangement.
Men først ut, er altså Carol Stampone om Clarice Lispector, torsdag 21. november. Les meir om arrangementet her!
Les også: