Mellom sjangrar: Carol Stampone

Velkommen til første utgåve av arrangementsserien Mellom sjangrar, eit nytt samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Hordaland kunstsenter, der kunstnarar og forfattarar blir inviterte til å presentere eit sjølvvald litterært verk som er vanskeleg å sjangerdefinere.

Mellom sjangrar: Carol Stampone

Torsdag 21. oktober kjem forfattar, performancekunstnar og filosof Carol Stampone til Hordaland kunstsenter for å fortelje om korleis ho tenker rundt Agua Viva av Clarice Lispector. Enkelte meiner at Agua Viva er ei poetisk bok. Andre føretrekk å kalle den filosofisk, den har blitt brukt til undervisning i enkelte religionstimar, og nokre ser den som ein eksperimentell roman. Det var den siste boka Lispector skreiv, etter å ha hatt ei nær erfaring med døden. Kanskje var den ei øving i "escrevivencia". Uansett kva forfatteren sin intensjon var, er det eit faktum at boka er eit mektig verk, som har provosert og berørt mange. Carol er ein av dei. 

Den 21. oktober vil Carol Stampone dele fragment av Agua Viva i ei performativ lesning, både på portugisisk og engelsk, og dele sitt perspektiv på Lispector. Arrangementet vil føregå på engelsk.

Kvar: Hordaland kunstsenter

Når: Torsdag 21. nov, kl.19.00

Gratis inngang!

Clarice Lispector var ein brasiliansk forfattar, fødd i Ukraina i 1920. Ho var ein sentral figur i den litterære avantgarden fra 1940-åra og framover. Først i 1990-årene, eit par tiår etter at ho døde, fekk ho det internasjonale gjennombruddet sitt. Bøkene hennar er i dag oversatt til ei rekke ulike språk.

Carol Stampone er frå delstaten Minas Gerais i Brasil, i dag er ho busett i Bergen. Ho er forfattar, performance-kunstnar og filosof, og kjernen i praksisen hennar er eirutine bestående av dans og skriving, som blant annet resulterer i det hun kaller for 'nesten-dikt'. Hennes nyeste filosofiske forskning fokuserer på flyktningers tilstander og feminismen i sydlige land. Hun er også i prosessen med å skrive en bok satt sammen av essay omhandlende morsrollen, og er deltagende i andre skrivesamarbeid. Carol har bachelor i filosofi fra UNICAMP i Brasil, master i filosofi fra Universitetet i Bergen, og teaterbakgrunn fra TEUC i Coimbra i Portugal.

 Mellom sjangrar er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Hordland kunstsenter. Til denne arrangementsserien inviterer me ein kunstnar eller forfattar til å presentere eit litterært verk av eige val, som er vanskeleg å sjangerdefinere. Ved å invitere kunstnarane/forfattarane til å presentere verk som har hatt betydning for dei, anten det er på eit personleg eller praktisk plan, ynskjer vi å setje fokus på eksperimentelle litterære uttrykksformer, og kaste lys over korleis ein i fellesskap kan snakke og tenke rundt litterære verk som utfordrar kategoriane me er vande å forhalda oss til.

Arrangementet er støtta av Bergen kommune og Norsk Forfattersentrum sitt medlemsfond