Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Dag Solstad, Inger Bråtveit, Kjartan Fløgstad, Hilde Hagerup, Sigmund Løvåsen og Bjørn Vatne har alle takka ja til å vere med å hylle Økland når Norsk Forfattersentrum inviterer til festkveld på Litteraturhuset i Oslo.
DEL
Einar Økland på 40-årsjubileet til Norsk Forfattersentrum i 2008. Foto: Siv-Elin Nærø
I 1967 tok Einar Økland initiativet til eit senter som skulle få norske forfattarar ut i lys og luft, og sikre at utøvarane fekk betalt for oppdraga. Hausten 1968 var Norsk Forfattersentrum ein realitet. Nyleg fylte Økland 85 år, og Norsk Forfattersentrum vil i den samanhengen gjere stas på jubilanten med eit arragement på Litteraturhuset i Oslo.
Målet er ein kveld som blandar hyllande mimring med nye, skarpe perspektiv på lesing og litteratur. Ei rekke av våre mest kjende og kjære forfattarar, både frå Øklands eigen generasjon og den yngre garde, har tatt på seg oppdraget.