Det er advent, det er snart jul. Det er den tida på året då stearinlysa til forfattarane blafrar i tastaturvinden. Om ein er så heldig å koma seg ut i frisk luft, og tek turen til Groruddalen i Oslo og vidare opp i Lillomarka, for der å legga hovudet på skakke medan ein myser mot åsane i vest, kan ein skimta det norske, litterære Mount Rushmore i grantre av forfattarane som skipa Norsk Forfattersentrum i 1968: Bjørn Nilsen, Tor Obrestad og Einar Økland. Ikkje mange veit dette, ja, kanskje ingen! Men synet er bra, det er viktig. Fleire millionar tre er hogde ned og blitt til papir sidan dette gransynet openberra seg første gong. Men lokale hogstmenn oppi Lillo, veit å unngå trea som inngår i det forfattersentrumske gransyn, altså finst det som vanleg håp både for papirboka og litteraturformidlingstradisjonen!
Tilbake ved skrivebordet, og gransynet til side, korleis opplever den komande 85-årsjubilanten, Einar Økland, tastaturvinden om dagen? Det er eitt år sidan diktboka Andre tider (då og her) – (nå og her) (Samlaget, 2023) og midt i ettersvevet og feiringa av den nye boka Økland – Einar Øklands livsverk i samling (redigert av Ottar Grepstad og Sverre Tusvik, Fonna forlag, 2024).
Bygdefred
– Ser du Freden utanfor vindauga ditt, Einar?
– Ja, bygdefreden. Men innanfor vindauga har eg som folk flest ein tv-skjerm med mange slag ufred.
– Du likte ikkje krigssnakket til ml-arane på 60-talet, men kva no? Har du òg kjellaren full av hermetikk, gummistrikk og Vossavatn?
– Nei, i kjellaren har eg berre ein fredeleg fryseboks.
– Kva skriv du på no, eitt år sidan diktboka Andre tider (då og her) – (nå og her)?
– Ja, det spør eg meg sjølv om rett som det er, men det er helst slikt som overraskar meg, har det vist seg.
– Og lesing? Du likar «tekstar som er enkle og likevel uttrykksfulle» som det står i prologen i den flunkande nye boka Økland.
– Ja, men dei bør også helst opplevast som nye.
– I boka fortel du litt om skrivedagen din. Og om å vera ein drøymar med eit godt sovehjarte. Har du nytta deg mykje av draumane i skrivinga di?
– Nei! Eg skriv ikkje av etter meg sjølv! Eg skriv til meg sjølv.
– 104 bøker i alle sjangrar (!). Kor kjem denne nysgjerrigheita frå? Denne ruslinga og vinglinga langs vegen. Ser du ein pløsete fotball i grøfta og ein raudstrupe på gjerdet, kan du skriva om dei begge, eller prioriterer du? Innfall, eit heidersord?
– Nei, innfall er noko dei fleste av oss har. Det er forståinga og bruken det kjem an på.
Skapte Norsk Forfattersentrum
– Kan du utdjupe litt om korleis og kvifor du, Bjørn Nilsen og Tor Obrestad skipa Norsk Forfattarsentrum i 1968? Kvifor ville ikkje forfattarane ha eit slik «organiseringskontor» i DnF?
– Det var rett å starte med eit forslag som kom frå DnF. Det blei nedstemt første gongen. Men Haldis Moren Vesaas oppmoda meg til å gjenta forslaget på neste møte, og då ville ho møte opp og gi forslaget si støtte. Då fekk ideen om eit slikt Forfattarsentrum fleirtal. Men – med det tillegget at DnF ikkje skulle drive eller ha ansvar for eit slikt senter. Med dette vedtaket i ryggen fekk forslagsstillarane statleg støtte til prøvedrift. Og - vi fekk gratis kontor av dei som dreiv Oslos «kulturuke», sidan sentert jo leverte diverse forfattarar til fleire oppdrag i "kultur-uken».
– Tida var som no, nokon tente godt og andre blei ikkje sett?
– Ja. Og nei. Somme tente meir enn før, takka vere diverse oppdrag. Oppdrag som konsekvent blei skikkeleg betalte! Men sentret var heilt frå starten medviten om forsvarleg oppdragsfordeling mellom yngre og eldre og mellom mannlege og kvinnelege.
Lesing som sjølvpleie
– Kva tenkjer du om dagens litterære klima der det «er fleire forfattarar enn nokon gong», enklare å publisera sjølv og nedgang i boksal og på lesarar? Kven må skjerpa seg?
– Publikum må sjølv finne ut av dette. I det stille er det mange lesarar som er kritisk selektive. Dette er noko ein blir etter kvart – om ein først har blitt lesar.
– Og på vegen til å bli ein lesar treng vi mangfoldet av litteraturkritikk og «alternative» lesarar som kikkar bak bestselgjarlistene?
– Visseleg. Men dei fleste som les er litt alternative – jamvel når dei les av lyst, for å fordjupe seg, for å orientere seg i si samtid, eller berre "av plikt". Lesing er støtt sjølvpleie. Også for desse som les for å forarge seg!
– Dei tre siste bøkene du har lese?
– Kai Gjelseth, Ingen hater messing, Pax. Anne Therese Melbye, Trygve Goa – Forenklingens mester, Haugesund Billedgalleri. Helen Daae Frøyseth, Et skriveliv, Kapabel.
Håp?
– Til slutt: Dei med godt sovehjarte og 104 bøker på puta, må trøysta oss andre. Finst det håp?
– Håpet er som blindtarmen. Mange har det godt med begge to. Men begge kan unnverast. Ein operasjon i tanken eller tarmen er nok. Vi gir oss ikkje fordi om vi ikkje har håp.
Einar Økland fyller 85 år 17. januar 2025. Norsk Forfattersentrum vil feira han med eit eige arrangement i Oslo seinare i vinter.