Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Wergelands åre er ein pris som blir delt ut annakvart år. Den skal gå til personar eller institusjonar som i si verksemd har bidrege til forståing, formidling og synleggjering av poesi.
DEL
Rørt gjeng: Joakim Kjørsvik, Ted M. Granlund og Endre Ruset, vinner av Wergelands åre 2018. Foto: Espen Gees Bokn Solheim
Norsk Forfattersentrum ønskjer med dette å slå eit slag for poesien, i alle former og alle medium. Prisen blei første gong delt ut i 1997.
I 2020 skal Wergelands åre delast ut på ny, og vi ønskjer forslag på gode namn. Etter at vi har mottatt forslaga, vil ein jury frå styret og administrasjon gi ei innstilling til styret, som kårar vinnaren.
Prisen blir delt ut på årsmøtet 27. mars 2020 og er på kr. 10 000,-.