Koronapandemien sette ein stoppar for markeringa av 75-årsdagen til Paal-Helge Haugen i 2020, men no kan vi endeleg feire ein av våre største nolevande forfattarar. Paal-Helge Haugen har eit langt, rikt og variert forfattarskap bak seg. Han debuterte i 1965 med Blad frå ein austleg hage, ei gjendiktning av hundre japanske haikudikt, og har sidan det skrive i dei fleste sjangarar: Gjendikting, roman, barnebøker, dikt og dramatikk. Bøkene er omsett til omlag 20 andre språk.
Anne blir teater
Haugendagane opnar med ein samtale mellom forfattaren sjølv og leiar for Forfattersentrum Sørlandet, Irene Gressli Haugen, på Kilden teater og konserthus 11. mai. Paal-Helge Haugen slo gjennom allereie som 23-åring i 1968 med punktromanen Anne. Denne har Kilden teater no sett opp som monolog, og tema for samtalen blir overgangen frå punktroman til scenetekst.
Meir informasjon om arrangementet finn du her!
Poesi og det religiøse språket
Paal-Helge Haugen har i forfattarskapet utforska ulike aspekt ved religiøse tekstar, noko som kom til uttrykk allereie i nemnde Anne. Om Haugens litterære produksjon har det blitt sagt at han evnar å skrive så ope om det religiøse at både ateistar og djupt religiøse finn glede i tekstane. På arrangementet Poesi og det religiøse språket møter Haugen prest i Kristiansand Domkirke, Aud Sunde Smemo, til samtale om bruk av religiøse motiv og tema. Samtalen finn stad i nettopp Kristiansand Domkirke 12. mai klokka 19.
Meir informasjon om arrangementet finn du her!
Fag før fest
Haugendagane vil også innehalde eit litteraturfagleg perspektiv på forfattarskapet. Fredag føremiddag møtest professor Ingrid Nielsen (UIS), professor Ole Karlsen (INN), forfattarkollegaene Einar Økland og Espen Stueland til rundebordssamtale på Kristiansand folkebibliotek for å reflektere over ulike delar av Paal-Helge Haugens forfattarskap. Sigurd Tenningen er samtaleleiar.
Meir informasjon om arrangementet her!
Haugendagane blir avslutta med festkveld. 13. mai klokka 18 møtest gode forfattarkollegaer for å lese til ære for Haugen. Det blir også minikonsert ved Jan Bang, Kirsten Bråthen Berg og Daniel Sandén Warg.
Billettar til festkvelden kjøper du her!
Haugendagene arrangeres i samarbeid med Kilden teater og konserthus, Domkirken i Kristiansand og Kristiansand folkebibliotek.