Honorarrekord

I 2017 fakturerte Norsk Forfattersentrum for første gong for over 30 millionar kroner på vegne av medlemene.

Tesla-barometeret: Då vi melde om nytt rekordår for Norsk Forfattersentrum på same tid i fjor, rekna Klassekampen ut at 17 gjennomsnittsforfattarar måtte gå saman og bruke heile honoraret sitt for å kjøpe ein Teslaen.

2017 vart nok eit rekordår for Norsk Forfattersentrum: Vi passerte for første gong 1500 medlemer, og ved årsskiftet hadde 782 ulike forfattarar vore ute på til saman 8980 ulike oppdrag. Det er 36 fleire forfattarar og 742 fleire oppdrag enn i 2016, ei auke i talet på oppdrag på over 9 %.

Det er likevel spesielt eitt tal som merkar seg ut når vi summerer opp fjoråret: I 2017 fakturerte Forfattersentrum for første gong oppdragsgjevarar for over 30 millionar kroner på vegne av norske forfattarar. Det er over 3,6 millionar kroner meir enn i 2016, ein oppgang på over 13 %.

Foredrag og litterære samtalar aukar mest

Oppdragsstatistikken fortel også kva typar litterære arrangement norske bibliotek, litteraturhus og festivalar satsar på for tida: Til dømes blir medlemene våre stadig oftare hyra til litterære samtalar og foredrag, medan det har blitt færre reine opplesingsoppdrag. Forfattarane får også i aukande grad utbetalt honorar for turnéar i Den Kulturelle Skolesekken via Forfattersentrum.

Utfordring for administrasjonen

Fleire medlemer og fleire oppdrag for forfattarane, er sjølvsagt hyggeleg både for Forfattersentrum og kunstnarøkonomien, men skaper også utfordringar for administrasjonen. I 2007 formidla Norsk Forfattersentrum til samanlikning 6271 oppdrag med 606 forfattarar, og utbetalte 13 889 721 kroner i honorar. Den kraftige veksten dei siste ti åra har funne stad utan at administrasjonen er vesentleg styrka.

Toppbildet: Kari Stai les opp på Forfattersentrum Midt-Norge sin populære hagefest i Adrianstua i august 2017.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.