God kunst er lystig utviding av tanken

Det var med undring eg las eit oppslag i VG 11. februar, der lærarar klagar over at kunsttilbodet gjennom Den kulturelle skolesekken stel tid frå dei viktige faga i skulen.

Foto: Nina Ruud
Foto: Nina Ruud

Grunnleggjande i all kunst er eit sterkt uttrykksbehov. Kunstnarar søkjer å gjera seg og sitt gjeldande i møte med dei gjengse retningslinene for eit samfunns produksjon av bilde, tonar, scenario og ord - og dei er med på å endra dei same retningslinene med arbeidet sitt.

Kunstartene vender seg direkte til sansane. For born går tanke og sansing i eitt – og det er all grunn til å stimulera og utvikla dette sambandet i førskule og skule. Det er framfor alt gjennom oppleving av varierte kunstuttrykk sanseregisteret blir utvida - og tankeregisteret utvida tilsvarande.

Den finske hjerneforskaren Matti Bergström har sagt: “Vi lär bara våra barn att utnyttja halva hjärnkapaciteten, den delen som lagrar färdig kunskap och skapar ordning och reda”. I heile sitt yrkesliv studerte han hjernen, og i takt med sine aukande innsikter har han synt eit aukande engasjement i opplæringsspørsmål. Han framhevar at ein meir allsidig utvikla og meir kreativt tenkjande hjerne ikkje berre kan tileigna seg teoretiske emne og ta i bruk kunnskapen betre, men den kan òg betre sjå nye opningar, velja ut, vurdera og sjå heilskapar. Hjernen kan ikkje samanliknast med ein datamaskin, slår Bergström fast. Den liknar meir på ein jungel.
Bergström meiner opplæringa vår i for stor grad har teke sikte på å utvikla dei delene av hjernen som lærer oss å beherska det ytre miljøet, mens det i det indre miljøet, i hjernejungelen, ligg ein enorm uutnytta kapasitet. Han peikar på at hjernen veks dess meir ein aktiviserer den og tilrår variert aktivitet, både mentalt og fysisk, både teoretisk og praktisk – og han hevdar at kunstopplevingar og ein nærare kjennskap til kunstartene er grunnleggjande for å utvikla det indre miljøet i hjernen.

Kunsten skaper grunnlag for ulike alternative erkjenningar av livet og samfunnet. Den byr på tankesprang som er nødvendige for å møta det ukjende. Eit mangfaldig kunsttilbod er såleis ein garanti for den annleistenkinga som er nødvendig for å vera best mogleg rusta til å ta tak i dei utfordringane me står overfor no og i framtida. Det er grunn til å merka seg at mange av landa som gjennom fleire år har skåra best i dei mykje omtalte PISA-undersøkingane, har det felles at dei satsar sterkt på kunstfag i skulen.

Den kulturelle skolesekken er ein garanti for at born og unge over heile landet får del i eit utval av det beste som er skapt i landet vårt av bildekunst, musikk, scenekunst og litteratur. Det tener Norge til ære at eit samla Storting stiller seg bak tilbodet. Og det er vår erfaring med forfattarformidling at dei aller fleste lærarane møter tilbodet med glede og engasjement. Dei ser den store verdien i forfattarbesøk for borns lese- og skriveutvikling.

Per Olav Kaldestad,
styreleiar i Norsk Forfattersentrum

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene