Foto: Helge SkodvinI grunngjevinga for valet av Tormod Haugland som Festspeldiktar, skriv Annette Mattsson:
«Årets Festspilldikter lodder dypt, med stort alvor og stor humoristisk sans. Han liker å utfordre og kan finne på å bryte ut i det performative med sang og komikk på scenen under opplesning av tekstene sine.
Tormod Haugland er for lengst ferdig med sceneskrekken, og han er heller ikke redd for å bryte med konvensjonene. Som den lekne og eksperimenterende forfatteren han er, har han utforsket flere skrivemåter, uttrykksmåter og publiseringsmåter, og skrevet innenfor de fleste sjangre. Etterhvert har han konsentrert seg mer om romanformen».
Tormod Haugland er født på Radøy i 1962, der han framleis er busett. Han er utdanna agronom og har hovudfag i grafisk illustrasjon frå Kunsthøgskulen i Bergen. I 1994 debuterte Haugland som forfattar med romanen Under. Sidan har han gjeve ut noveller, dikt, dramatikk og fleire romanar. I 2017 blei han nominert til P2-tilhøyrarane sin romanpris for Om dyr og syn, der lesaren følgjer odelsguten Tormod som skal ta over familiegarden, men som i staden blir trekt mot kunsten. Den frittståande oppfylgjaren Om søvn og mørke kom i 2019 og hausta gode kritikkar.
Programmet for Dei Litterære Festspela er førebels ikkje satt, men blir lansert ved eit seinare høve. Dei Litterære Festspela finn stad i perioden 21.– 23.mai 2021
Her finn du heile grunngjevinga
For intervju ta kontakt med Tormod Haugland: tormod@skrivekunst.no tlf 920 63 917
eller Marte Nøklegård Dahl: marte.noklegard.dahl@oktober.no