Dei Litterære Festspela 2020 – Festspeldiktar Tormod Haugland

Foto: Helge Skodvin, Design: Tønnes H. Gundersen

Årets Festspilldikter lodder dypt, med stort alvor og stor humoristisk sans. Han liker å utfordre og kan finne på å bryte ut i det performative med sang og komikk på scenen under opplesning av tekstene sine.

Tormod Haugland er for lengst ferdig med sceneskrekken, og han er heller ikke redd for å bryte med konvensjonene. Som den lekne og eksperimenterende forfatter han er, har han utforsket flere skrivemåter, uttrykksmåter og publiseringsmåter, og skrevet innenfor de fleste sjangre.

Etter hvert har han konsentrert seg mer om romanformen.

I 1994 debuterte han med kortromanen, Under.  «Han har bevisst valgt å utøve de enkle virkemidlers kunst og lykkes til fulle med det», skrev Øystein Rottem i sin anmeldelse av debutboken.
Handlingen var lagt til en bygd på Vestlandet. Hauglands eget liv og oppvekst
på familiegården på Radøy har preget forfatterskapet, og han har selv sagt at han ønsker at bakgrunnen som havstril skal skinne gjennom i det han skriver.

Tematisk handler det altså om det selvbiografiske, om nær historie, natur og kultur, kjærlighet og død.

I de tidligere utgivelsene dyrket han det stramme og det minimalistiske og skar tekstene inn til beinet. Spenning og dramatikk var knapt uttalt og dirret i underteksten.

I 2017 tok imidlertid forfatterskapet en ny vending, med utgivelsen av, Om dyr og syn. Med denne romanen beveget han seg inn på et nytt område, den klassiske oppvekstskildringen, om enn i en original variant. Romanen er mørk og gåtefull, filosofisk reflekterende, men samtidig svært leservennlig. Det handler om odelsgutten Tormod som vokser opp på gård, bryter med tradisjonen, flytter til byen og utdanner seg til kunstner. Selv har han beskrevet boken som en fiksjonalisert selvbiografi. Den kan også kategoriseres som både kunstnerroman og dannelsesroman.

Romanen fikk enstemmig positiv mottagelse av anmelderne:

«Han skildrer det så stilfullt, fysisk nært og spennande, både sobert og dramatisk, så harmonisk avklart og kjærlig som bare dei færraste kan få til: Ein praktfull roman» var Jan Askelunds dom.

«At Haugland her makter å speile en indre utvikling i det som stort sett er ytre fortellinger, er beundringsverdig», skrev Carina Beddari i sin anmeldelse.

To år seinere fulgte Haugland opp med, Om søvn og mørke, en tematisk fortsettelse av Om dyr og syn.

«Fantasi handler om å ha evnen til å skape gode setninger som får leseren til å se virkeligheten på nye måter. Det klarer Tormod Haugland i denne fine, lille boken om oppveksten på Radøy i Nordhordland», skriver Gro Jørstad Nilsen i sin anmeldelse av boken.

Våren 2021, slippes den tredje boken i oppvekstsyklusen. I Om livet på jorda, fortsetter forfatteren sin selvbiografiske diktning, om kunstneren og bondesønnen, Tormod. Det handler om ungdomstid, kjærlighet, seksualitet og skolegang og om forventningene til hvem han skal være, og veien til å bli den han selv ønsker å være. Seksualiteten er her et viktig element, og det begynner med et møte med Huldra i skogen, som påvirker Tormods forhold til kvinner, skole og læring, og til det å tenke.

Tormod Haugland har en variert bakgrunn, han er utdannet både som agronom og grafiker og har også vært elev på Skrivekunstakademiet i Hordaland, hvor han de siste tjue årene har hatt forskjellige roller. I ti år var han daglig leder der og han har vært med på å utvikle SKA til en av de beste skriveskolene i Norden.

I tillegg driver han mikroforlaget, Severina Sars, der han er både redaktør og utgiver. Noen ganger årlig produseres hjemmelagete pamfletter med essayistiske tekster om mat og gårdsliv, eller dikt og noveller.

Tormod Haugland er en produktiv forfatter i full utvikling, en språklig tungvekter, samtidig som han er en leken humorist. Det er med stor stolthet og glede at vi kan presentere Tormod Haugland som Festspilldikter i 2020.

For Arbeidsutvalget Annette Mattsson

 

Program

TORSDAG 20. MAI

VORSPIEL
Norli Strandgaten, Bergen kl. 20.00

Festpeldiktar Tormod Haugland i samtale med redaktør Øyvind Ellenes om romanen Om livet på jorda

Arrangementet er gratis
Påmeldinger til strandgaten@norli.no med namn og telefonnummer på deltagere

FREDAG 21. MAI

BLANDA DROPS
Auditoriet, Litteraturhuset i Bergen, kl. 19.00

Opningstale ved Odd W. Surén. Festspeldiktaren presenterer gode forfattarkollegaer. Opplesingar ved Victoria Kielland, Inghill Johansen, Øyvind Rimbereid, Laila Stien og Festspeldiktar Tormod Haugland.

Bill. kr 150/120 (stud.) kan kjøpast hos Norli Strandgaten, tlf: 40434544 eller e­post: strandgaten@norli.no Obs! Laurdag ope til klokka 18.00
Reserverte billettar må hentast innan ein halv time før arrangementa startar.

Digital billett kr 100.-
Alle inntektene frå dette billettsalet går til eit stipend som Festspeldiktaren vil dele ut til ein ny og lovande forfattar.
Billettar til den digitale sendinga finn du her https://litthus.ticketco.events/no/nb/e/dei_digitale_litteraere_festspela_blanda_drops

 

LAURDAG 22. MAI

NÆRBILETE
Auditoriet, Litteraturhuset i Bergen, kl. 14.00

Djupneintervju med Tormod Haugland.
Intervjuar Sandra Lillebø.
Eit uformelt møte med Festspeldiktaren og hans forfattarskap.

Bill. kr 150/120 (stud.) kan kjøpast hos Norli Strandgaten, tlf: 40434544 eller e­post: strandgaten@norli.no Obs! Laurdag ope til klokka 18.00
Reserverte billettar må hentast innan ein halv time før arrangementa startar.

Digital billett kr 100.-
Alle inntektene frå dette billettsalet går til eit stipend som Festspeldiktaren vil dele ut til ein ny og lovande forfattar.
Billettar til den digitale sendinga finn du her https://litthus.ticketco.events/no/nb/e/dei_digitale_litteraere_festspela_naerbilete

 

KVA TREKKJER FORFATTARANE MOT ROMANEN?
Auditoriet, Litteraturhuset i Bergen, kl. 18.30

Innleiing ved Frode Helmich Pedersen om Festspeldiktaren sitt romanforfattarskap. Han leiar og samtalen om romankunsten med Nina Lykke, Ole Robert Sunde, Gunnhild Øyehaug, Thure Erik Lund og Festspeldiktar Tormod Haugland. Forfattarane vil lesa korte utdrag frå eigne utgjevingar.

Bill. kr 150/120 (stud.) kan kjøpast hos Norli Strandgaten, tlf: 40434544 eller e­post: strandgaten@norli.no Obs! Laurdag ope til klokka 18.00
Reserverte billettar må hentast innan ein halv time før arrangementa startar.

Digital billett kr 100.-
Alle inntektene frå dette billettsalet går til eit stipend som Festspeldiktaren vil dele ut til ein ny og lovande forfattar.
Billettar til den digitale sendinga finn du her https://litthus.ticketco.events/no/nb/e/dei_digitale_litteraere_festspela_kva_trekkjer_forfattarane_mot_romanen

Program med atterhald om endringar.
Arrangementa vil bli gjennomført digitalt om offentlege myndigheiter ikkje tilrår fysiske arrangement

Øyvind Ellenes

Foto: Aksel Jermstad

er redaktør og forfattar busett i Oslo. Han har gitt ut novellesamlinga Fortellingen Gjenfortelling (1996), samt fire romanar: Stadig skiftende klær og varme bad og så hvile (1997), Sanna Mathilde Rosen (2000), Stuepiken (2008) og Fire hundre franske fornærmelser (2011). Ellenes var tidlegare medredaktør i litteraturtidsskriftet Vagant. I 2012 ble Øyvind Ellenes tildelt Bokhandelens forfatterstipend for sin fjerde roman Fire hundre franske fornærmelser.

Inghill Johansen

Foto: Pernille Marie Walvik

debuterte i 1991 med romanen Hjertehvitt. Sida har ho gjeve ut prosabøkene Suge (1996), Klage (2001) og Forsvinne (2009). For Klage vart ho nominert til Brageprisen, og i 2002 fekk ho Tanums kvinnestipend. SugeKlage og Forsvinne ble utgitt i en samleutgåve i 2011, med eit forord av Erik Bjerck Hagen, som seier at desse tre bøkene «utgjør noe av det fineste i norsk litterær prosa de siste femten år». I 2016 kom boken Bungalow til strålande kritikkar. For denne blei ho nominert til Ungdommens kritikerpris. Ho fekk Doblougprisen for eige forfattarskap i 2016 og Amalie Skram-prisen i 2019.

Victoria Kielland

Foto: Ingrid Pop

er forfattar og teatervitar. Ho debuterte i 2013 med kortprosasamlinga I lyngen, som ho vart nominert til Tarjei Vesaas debutantpris for. I 2017 kom andreboka Dammyr, og ho blei tildelt Bokhandelens forfatterstipend. Kielland er ein av initiativtakarane til skrivekollektivet A.K.R.O.N.Y.M.

Sandra Lillebø

Foto: Helge Skodvin

debuterte som forfattar i 2011 med diktsamlinga Navnet på den fremmede er frigitt. I 2016 kom den etterlengta oppfølgjaren Alt skal skinne og blø. I 2020 kom hennar første roman, Tingenes tilstand og fekk glitrande mottaking. I tillegg til å vere forfattar er ho òg kulturjournalist og kritikar. Ho har jobba som programansvarleg på Litteraturhuset i Bergen og er ofte hyra som intervjuar i litterære arrangement

Thure Erik Lund

Foto: Niklas lello

debuterte i 1992 med romanen Tanger, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Hans neste bok, Leiegården (1994) vart norsk vinnar i den skandinaviske konkurransen for beste samtidsroman.
Lund fekk Sultprisen for Grøftetildragelsesmysteriet (1999), den første boka om Thomas Myrbråten. Elvestengfolket (2003) vart motteke med fantastiske meldingar, og fjerde og avsluttande bok i romansyklusen, Uranophilia, vart lønna med Natt&Dags Osloprisen 2005 for Årets bok og Kritikerprisen 2005. Thure Erik Lund har òg gitt ut fleire essaysamlingar: Om naturen (2000), Forgreininger (2003) og Om de nye norske byene (2006). I 2009 fekk han både Doblougprisen og Aschehougprisen.

Nina Lykke

Foto: Agnete Brun

debuterte i 2010 med den kritikarroste novellesamlinga Orgien, og andre fortellinger. Romanen Oppløsningstendenser (2013) fekk strålande omtale og blei kortlista til P2-lytternes romanpris. I 2016 fekk Lykke sitt store gjennombrot med romanen Nei og atter nei, som vant Ungdommens kritikerpris og blei ein salssuksess i Sverige og Tyskland så vel som i Norge. Full spredning. En legeroman er Nina Lykkes fjerde bok og for den vann ho Brageprisen 2019.

 

Frode Helmich Pedersen

Foto: Eivind Senneset

vart doktor i allmenn litteraturvitskap ved Universitet i Bergen i 2009. Han arbeider som forskar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved UiB, der han er leiar for prosjektet Strafferettens fortellinger, finansiert av Forskningsrådet. I 2017 utga han boka Bjørnstjerne Bjørnsons samtidsdrama, ei moderne lesning av Bjørnson sine dramatiske stykke. I tillegg til sitt akademiske virke er Helmich Pedersen skribent og litteraturkritikar, har også vore redaksjonsmedlem og artikkelforfattar i Vinduet og Vagant og er fast medlem i Kritisk Kvartett, Litteraturhusets faste forum for litteraturkritikk.

Øyvind Rimbereid

Foto: Nikita Solenov

debuterte med novellesamlinga Det har begynt i 1993. Han har skrive romanar, noveller og essays, men det er som lyrikar han er kjent. I diktsyklusen Solaris korrigert frå 2004 skapte han eit eige språk. Dette langdiktet har han sjølv framført med musikk. Det har òg blitt omarbeidd til eit scenestykke på Det Norske Teateret. Øyvind Rimbereid er einaste lyrikar som har motteke Kritikerprisen to gonger, han var Festspeldiktar i Bergen i 2015, og blitt heidra med Aschehougprisen, Gyldendalprisen og Sultprisen. Han har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris to gonger.

Laila Stien

Foto: Tine Poppe

er utdanna cand.mag. med faga etnologi, samisk og etnografi. Ho debuterte i 1979 med novellesamlinga Nyveien og har sidan gitt ut fleire novellesamlingar, romanar og diktsamlingar for vaksne, born og unge. Ho fekk Kritikarprisen for beste barnebok for Å plukke en smørblomst i 1993 og har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapet, bl.a. Aschehougprisen i 2000. Stien har også omsett og gjendikta samisk litteratur, i hovudsak lyrikk, som Nils-Aslak Valkeapääs Vindens veier (1990).

Ole Robert Sunde

Foto: Tine Poppe

debuterte i 1982 med diktsamlinga Hakk i hæl og har sidan hatt eit mangfaldig forfattarskap i ulike genre: dikt, essays, prosatekstar, ei barnebok og romanar, med titlar som Støvets applaus og Jeg er et vilt begrep. Han blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Krigen var min families historie (2012). For romanen Penelope er syk i 2017 fekk han P2-lyttaranes romanpris og Sørlandets litteraturpris.

Om Jeg føler meg uvel (2019) skriv Arne Hugo Stølan i VG «Ole Robert Sundes nye roman er en brutal og grensesprengende skildring av en personlig sorg som nekter å slippe tak og som ikke kan skrives vekk.»

Odd W. Surén

Foto: Aschehoug

er romanforfattar, novellist, bokmeldar og humorist. Han er mest kjent for sine bøker om Tommy Kristoffersen, og blei i 2002 tildelt Mads Wiel Nygaards legat for sitt samla forfattarskap. Surén har fått flotte kritikkar for bøkene sine. Sidan han debuterte i 1985 med novellesamlinga Fanger og opprørere har Surén skrive fleire novellesamlingar og romanar. Han har ei eiga evne til å ta typar på kornet, til å blottstille dei og vise kven dei eigentleg er. I hans fortellingar finn vi ikkje eit menneske som er trygg på seg sjølv, men snarare karakterar som ikkje føler seg heilt heime i sin eigen situasjon, i eit tilvære dei ikkje har kontroll over. Eit anna viktig trekk ved karakterane er deira meir eller mindre konstante skuldkjensle, samt refleksjonane over andre si oppfatning av kven dei er.

Odd Surén fikk i 2013 prisen Årets litteraturkritiker for sin innsats som bokanmelder i avisen Dag og Tid.

Gunnhild Øyehaug

Foto: Helge Skodvin

debuterte med diktsamlinga Slaven av blåbæret i 1998. Sidan har ho utgitt novellesamlingar, essays og romanar, mellom dei Knutar (2004) og Presens maskin (2018). Sist kom novellesamlinga Vonde blomar. Ho har òg skrive manus til ein langfilm og ein kortfilm. Ho er lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og har tidlegare vore medredaktør i tidsskrifta Vagant og Kraftsentrum, og litteraturkritikar i Morgenbladet og Klassekampen. I 2006 fekk ho Bjørnsonstipendet og i 2007 Tanums kvinnestipend. Den amerikanske utgåva av romanen Vente, blinke blei i 2018 nominert til National Book Award, ein av dei mest prestisjetunge litterære prisane i USA.

Dei Litterære Festspela er støtta av:

Her finn du liste over alle Festspeldiktarane frå 1988-