Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Prinsesse Kristinastiftelsen har oppretta ei utvekslingsordning for spanske og norske kunstnarar og kulturarbeidarar. I Covarrubias er eit husvære stilt til disposisjon for arbeids- eller forskingsopphald for kunstnarar og kulturarbeidarar frå Hordaland. Det vil også vere mogleg med eit tilsvarande opphald i Bergen for spanske kunstnarar og kulturarbeidarar. Det er mogleg å søkje om opphald mellom 3 veker og to månader. Hensikta med ordninga er å vidareutvikle/styrke kontakten mellom spansk og norsk kulturliv.
DEL
Prinsesse Kristinastiftelsen har fått stilt til disposisjon eit husvære i den spanske landsbyen Covarrubias i staten Burgos. Hordaland fylkeskommune stiller Ambrosiahuset til disposisjon, i samarbeid med Bergen Bymuseum/Hordamuseet. I Spania vil ordninga bli administrert av Prinsesse Kristinastiftelsen, i samarbeid med Covarrubias kommune. I Hordaland vil ordninga bli administrert av Norsk Forfattersentrum Vestlandet på vegne av fylkeskommunen.