Styret i Norsk Forfattersentrum har tidlegare i år vedtatt ny strategi for perioden 2020 til 2023. I denne står det blant anna at Forfattersentrum i løpet av neste treårsperiode «vil ha på plass løsninger og satser for digital formidling». Koronoa-epidemien har ført til fortgang i arbeidet, og dei siste dagane har vi jobba tett med fleire aktørar om å finne finansiering og løysingar som både sikrar at forfattarane ikkje gir frå seg åndsverket sitt gratis for all framtid, og publikum smittefri litteraturformidling av høg kvalitet.
Skulebarn prioritert
Vi har spesielt tenkt mykje på alle skulebarna som har fått alle sine forfattarbesøk avlyst dei neste månadane, og opplever at Kulturtanken er svært positive til å finne måtar å sikre barn og ungdom digital litteraturformidling. Vi opplever også at forfattarar som får utbetalt honorar frå Den kulturelle skulesekken trass avlysing, tar kontakt fordi dei ønsker å gjere noko tilbake for honoraret.
Vi kjem med meir informasjon så snart vi har konkrete tilbod på plass. Forhåpentlegvis allereie tidleg neste veke.