Under finn du nokre døme på tiltak som har fått søtte i årets siste søknadsrunde, og som kanskje kan inspirere deg til å starte opp liknande prosjekt? Felles for dei tre prosjekta er at dei har ein ambisjon om å skape eit levande litteraturmiljø på heimstaden.
Landås Litteraturselskap
Landås Litteraturselskap er ein medlemsorganisasjon som vart oppretta i 2021 og har base på Landås og Slettebakken i Bergen. Selskapet er i stor grad forfatterdrive, med blant andre Sandra Lillebø, Sindre Ekrheim og Øyvind Vågnes i styret. Selskapet har allereie gjennomført ei rekke arrangement som «Bøker og brus i trikkesløyfen» med bokaktuelle lokale forfattarar. I årets siste søknadsrunde fekk litteraturselskapet støtte til forfattarhonorar for Chris Tvedts foredrag om norsk samtidslitteratur på Landås bibliotek. Tvedt er leiar i Det litterære råd i Den norske Forfatterforening og snakka om nye og uetablerte forfatterskap som fortjener større merksemd.
Stabburet verksted for ny litteratur
«Stabburet er et rødt og skakt trehus i nordbyen i Tromsø. Bak veggene skjuler det seg et litterært kollektiv som har eksistert siden 2010. Det er det eneste rene forfatterkollektivet i Tromsø og fungerer som base for produktivt arbeid, kollegiale samtaler og sosialt samvær, og har vært arena for en rekke litterære arrangementer.»
Slik presenterer Stabburet verksted for ny litteratur seg sjølv i søknaden til Medlemsfondet. Stabburet har fått støtte til festivalen Tromsøbølgen, ein festival som ifølge søknaden skal løfte fram bokaktuelle forfattarar som held til i Tromsø og områda rundt. Tromsøbølgen vart første gong arrangert i 2019, og kom den gongen som ein reaksjon på «at Klassekampen samme vår hadde tegnet et lett karikert bilde av Nord-Norge som et litterært terra incognita».
Tromsøbølgen går av stabelen på kulturscena Bakrommet i januar 2024. Eit av temaa som vil blitt tatt opp er nettopp «Geografisk narsissisme på litteraturfeltet». Som Stabburet-styret skriv i søknaden sin: «Bunnen i den regionale aviskritikken har rast ut og bibliotekene prioriterer i liten grad å løfte lokale forfattere på arrangementer. Tromsø har ikke noe litteraturhus og forfatterne har ingen sterk bokbransje i ryggen. Forfatterne skriver, bøkene kommer – og holder høyt nivå – men det er et skrik etter nye arenaer for litteraturformidling. Det skriket har Tromsøbølgen ønsket å svare på.»
Kulturstunt på Lørenskog
Sissel Tveit og Frode Hellum har drive kulturkaféen Scene 5 i Lillestrøm i mange år. Denne hausten er det derimot Lørenskog hus dei fyller med ein serie kulturelle overraskingar inkludert flerire av Norsk Forfattersentrums medlemmer som Ivo de Figueiredo, Linn Strømsborg, Helene Flood og Pedro Carmona-Alvarez. Hovedmålet med Kulturstunt, er i følge søknaden til Norsk Forfattersentrums medlemsfond, å auke interessa for litteratur i Lørenskog kommune.
Om Norsk Forfattersentrums medlemsfond
Alle tildelingar frå Norsk Forfattersentrums medlemsfond finn du her! Ønsker du å søke støtte til eit prosjekt eller arrangement, kan du lese meir om Medlemsfondet her. Du kan søke Medlemfondet om støtte til å honorere formidlingsoppdrag som blir utført av medlemmer i Norsk Forfattersentrum. Det blir ikkje gitt støtte til reise og opphald, og heller ikkje til leige av lokale. Det siste året har støttebeløpa lege på mellom kr 3000 og 25 000, avhengig av prosjekttype og kor mange medlemmer som er involvert. Nye initiativtakarar blir oppfordra til å søkje.
Det er tre søknadsfristar i året: 15. februar, 15. mai og 15. september. Neste søknadsfrist er med andre ord ikkje før 15. februar 2024, men det betyr også at du har god tid til å skrive ein oppsiktsvekkande søknad!