67 søknadar om produksjonsmidlar

Ved utgått frist 1. mars har Norsk Forfattersentrum mottatt 67 søknadar om produksjonsstøtte for litterære produksjonar i 2016. 760 0000 kroner skal fordelast til produksjonsmidlar og strømidlar, mens det er søkt om drygt 4,7 millionar.

Det er ein auke i søknadssummen på nesten 900 000 frå i fjor til i år, og talet på søknadar er gått opp med ti.  Gjennomsnittleg søknadssum er i overkant av 71 000, ein ake på tre tusen kroner frå i fjor.

50 søkjarar er kvinner, 17 er menn. 28 prosjekt er berekna for ulike klassetrinn (småtrinnet, mellomtrinnet, etc.), 39 berre for eitt trinn.

Eit fagutval skal no behandle alle søknadane og levere si innstilling til styret i Norsk Forfattersentrum, som fattar ei endeleg avgjerd om tildeling på styremøte 22. april. Alle søkjarar vil få skriftleg beskjed om utfallet i etterkant av dette. Støtta vil bli utbetalt i byrjinga av mai.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.