Pengane kjem frå støtteordninga «Kreativ næring – regional bransjeutvikling» og går til prosjektet LiM - Litteraturformidling som næring i Midt-Norge. Norsk Forfattersentrum Midt-Norge og Litteraturhuset i Trondheim står bak søknaden.
Sentralisering er ei utfordring
Det er truleg lettare å etablere seg som forfattar på ein stad med eit sterkt litterært miljø. Difor er sentralisering ei av dei største utfordringane for litteraturfeltet i Midt-Norge, både i nasjonal og regional målestokk. Norsk Forfattersentrum har 124 medlemsforfattarar i Midt-Norge. Så mange som 70 av desse bur i Trondheim kommune, medan dei 30 medlemmane i Møre og Romsdal bur spreidd i heile fylket. Få midtnorske forfattarar busett utanfor Trondheim har eit litterært miljø på heimplassen sin. Det er difor ekstra viktig å tilby dei eit kollegialt nettverk og følgje opp yrkesmoglegheitene deira regionalt.
Bli betre kjent med kvarandre!
Prosjektet ynskjer å skapa fleire møtepunkt på tvers av fylkesgrensene i Midt-Norge. Det vil styrke næringsgrunnlaget for forfattarar og frilansarar om dei i større grad blir hyra inn på tvers av dei to fylka, i staden for at vi flyg inn nokon frå Oslo. Vi kan ikkje forvente at midtnorske skribentar og institusjonar får nasjonal merksemd om vi ikkje sjølve framhevar våre eigne! Med LiM - Litteraturformidling som næring i Midt-Norge ynskjer vi å knyte forfattarane og arrangørane i regionen nærare kvarandre og sjå på moglegheiter for samarbeid på tvers av fylkesgrensene.
Eit samarbeidsprosjekt
Norsk Forfattersentrum og Litteraturhuset i Trondheim er likeverdige eigarar av prosjektet. Vi gler oss til å samarbeide med blant andre Trøndersk forfattarlag, Møre og Romsdal forfattarlag, NTNU og mange andre i heile landsdelen. Vi vil starte prosjektet med å kartleggje aktørane i litteraturfeltet. Ein viktig del av prosjektet blir å arrangere ulike kurs for forfattarar, litteraturformidlarar og arrangørar. Midlane skal brukast på tiltak i 2019 og 2020.
Kontaktinfo:
Ta gjerne kontakt for meir informasjon!
Trond Åm, dagleg leiar Litteraturhuset i Trondheim, tlf. 94 87 83 08, trond@litteraturhusetitrondheim.no
Guri Sørumgård Botheim, avdelingsleiar Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, tlf. 970 31 624, guri@forfattersentrum.no
Pressemelding frå Norsk kulturråd: Klikk her.