Blant arrangørane som har fått støtte finn vi ein kenyansk litteraturfestival som ønsker å invitere tre norske poetar. Kistrech International Poetry Festival blir arrangert i byen Kisii vest i Kenya i oktober, og har som mål å bringe lokale og internasjonale poetar saman. Tidlegare har blant anna Erling Kittelsen og Gunnar Wærness blitt invitert til festivalen.
Politisk litteratur
Ein tydeleg tendens i tildelingslista, er at det blir stadig fleire arrangørar som bruker litteraturen til å diskutere samfunnspørsmål. Dei mest openberre døma er den politiske litteraturfestivalen Jernrosa i Odda, «Forfatternes klimaaksjon», og jord- og jordbruksfestivalen Jordøgn på Jæren. Eit anna døme er litteraturfestivalen Kraft i Arendal som ønsker å sette «fokus på litteraturens kraft i tidsaktuelle spørsmål».
Folkebibliotek
Medlemsfondet støttar også meir tradisjonelle arrangement på folkebibliotek. Drammensbiblioteket, Bergen Offentlige Bibliotek, Mossebibliotekene, Indre Østfold-bibliotekene og Larvik bibliotek har alle fått støtte.
Søk du også!
Har du ein idé til eit arrangement eller eit anna prosjekt som vil komme medlemmene av Norsk Forfattersentrum til gode? Neste søknadsfrist er 15. mai. Søknadsskjema og meir informasjon om tildelingskriterier finn du på Medlemsfondet sine sider: https://forfattersentrum.no/medlemsfondet/
Tildelingslista for februar 2023 finn du her!