Wergelands åre 2016

Wergelands åre 2016 blir tildelt Helge Torvund. Han har eit langvarig arbeid bak seg som diktar og driv ei storstilt og raus formidling av eigne dikt, diktleksjonar og skrivekunnskap via nettet. Gjennom sosiale media og som kritikar når han mange. Hans digitale iver smittar også over på papirpoesien. I år er han aktuell med samlinga Alt brenner (no i tredje opplag!), samt hyppige oppdateringar på Facebook, Twitter, diktkammeret.no og filosoFISK.

Prisen blir utdelt tirsdag 21. juni kl. 13.00 på Garborgsenteret, Hetlandsgata 11, Bryne.
Prisvinnaren vil vera tilstade og blir bokbada av Eirik Ingebrigtsen

 

kart