3 x Olaug om omsorg

I vår nye arrangementserie inviterer vi ein forfattar til å leie tre samtalar om eit og same tema. Først ut er Olaug Nilssen som snakkar om omsorg med tre av sine forfattarkollegaer. I vår har ho snakka med Birger Emanuelsen og Eivind Hofstad Evjemo. Til det siste arrangementet i rekka kjem Camilla Bogetun Johansen

3 x Olaug om omsorg

Foto: Fra venstre Anna-Julia Granberg Blunderbuss og Eivind Senneset

I denne arrangementsserien inviterer vi ein forfattar til å samtale med tre kollegaer om eit sjølvvald tema. Dette er den siste samtala i rekka. Til denne har Olaug Nilssen invitert forfattar Camilla Bogetun Johansen.

Kvar samtale vil kaste lys over temaet omsorg, på ulike måtar. Kva er omsorg? Dersom ein slår opp på internett etter ein definisjon, fokuserer dei første treffa på det å bry seg om andre. Ein stad står det at omsorg er "å passe nokon", ein annan stad står det at det er  "å omfatte med en kjærlig oppmerksomhet." Men kva er omsorg når nokon har omsorgsplikt? Kva er profesjonell omsorg? Kva er god omsorg? Og kva skjer med den som ingen har omsorg for? Dette er spørsmål Olaug Nilssen og Camilla Bogetun Johansen vil diskutere. Begge forfattarane har tematisert omsorg på ulike måtar i sine forfattarskapar, og vi vil få høyre dei snakke om temaet slik det relaterer til litteraturen og samfunnet elles.

Når: Torsdag 2. mai kl. 20.00

Kvar: Skifte, Det Vestnorske Teateret

Er det gratis? Ja, det er berre til å dukke opp. Ein trenger ikkje booke plass

Camilla Bogetun Johansen har vakse opp i Finnmark og bur i Oslo. Ho debuterte i 2021 med romanen Egen maske først. I fjor kom romanen Jeg har kolleger, som i følge forlaget er ei bok om arbeid, eller nærare bestemt om omsorgsarbeid. I romanen møter vi personar med ulik utdanning og bakgrunn, men som har til felles at dei arbeidar i ein omsorgsbolig for psykisk utviklingshemma autistar.

Olaug Nilssen fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin, og i 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue. Nilssens foreløpig siste bok er Uønska åtferd som kom i fjor.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Det Vestnorske Teateret, og er realisert med tilskot frå Bergen kommune og Fritt Ord.

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa