Velkommen til Mellom sjangrar, eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Hordland kunstsenter, der kunstnarar og forfattarar blir inviterte til å presentere eit sjølvvald litterært verk som er vanskeleg å sjangerdefinere.
Fredag 11. april kjem forfattar Gunnar Wærness til Hordaland kunstsenter, for å presentere boka Divine Horsemen: The Living Gods of Haiti av Maya Deren, og vise korleis den har hatt betydning for hans eigen praksis. Presentasjonen vil ha innslag av performative og musikalske element, og vil vare i omlag 1 time. Arrangementet vil føregå på norsk.
For Wærness har Divine Horsemen vore ei viktig bok på fleire måtar. Som han sjølv skriv: "Divine Horsemen er en snart sytti år gammel, nærgående og personlig studie av den rutinemessig forvrengte religionen vodou, sett gjennom øynene til en kunstner som må gjenoppfinne seg selv som antropolog. Jeg synes Maya Deren kombinerer medmenneskelige, religiøse, mytiske, politiske og estetiske perspektiver på en fortsatt oppfordrende og aktiverende måte. Jeg tenker derfor vise litt kunst og underholde med en sang eller to. Bare fordi jeg ikke kan komme på en god grunn til å la være".
Når: Fredag 11. april, kl.18.00
Hvor: Hordaland kunstsenter, Klosteret 17, 5005 Bergen
Er det gratis? Ja!
Maya Deren var ein avantgardistisk filmskapar, filmteoretikar, koreograf, dansar, poet, fotograf med meir. Ho vart fødd i Kyiv i 1917, men flykta som barn saman med familien sin til New York, der ho etterkvart studerte journalisme og litteratur. Deren si interesse for dans og rituale førte henne til Haiti i 1947, der ho studerte, filma og deltok i voudou-rituale. I 1953 gav ho ut boka Divine Horsemen: the Living Gods of Haiti, som oftast blir betrakta som ei antropologisk studie.
Gunnar Wærness, født 1971, er forfattar, gjendiktar og kabaretartist. Wærness debuterte i 1999 med diktsamlinga Kongesplint, som han fekk Tarjei Vesaas debutantpris for. Sidan den gong har han gitt ei rekke diktsamlingar. I 2023 ble Gunnar Wærness tildelt Doblougprisen for sitt samla forfatterskap. Hans foreløpig siste bok er Kosmos' beibi som kom i fjor høst. Ifølge forlaget er dette en bok om bok om magi, skaperverk, poesi, død, ettermæle, gjenferd, moral, resignasjon, overmot, list, selvutslettelse, krig, motstand, kommunikasjon, stumhet, grådighet, utskeielse, bondeanger, skam, overlevelse, gjenoppstandelse, jordisk og himmelsk kjærlighet, gudinner og poeter - samt én veldig rødlistet salamander.
Mellom sjangrar er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Hordland kunstsenter, som startar opp hausten 2024. Til denne arrangementsserien inviterer me inn ein kunstnar og/eller forfattar til å presentere eit litterært verk av eige val, som er vanskeleg å sjangerdefinere. Ved å invitere kunstnarane/forfattarane til å presentere verk som har hatt betydning for dei, anten det er på eit personleg eller praktisk plan, ynskjer vi å setje fokus på eksperimentelle litterære uttrykksformer, og kaste lys over korleis ein i fellesskap kan snakke og tenke rundt litterære verk som utfordrar kategoriane me er vande å forhalda oss til.
Prosjektet er støtta av Bergen kommune og Norsk Forfattersentrum sitt medlemsfond