Litteratursymposiet 2015

"Hva er det med Odda, dette nitriste stedet innerst i Sørfjorden, knuget av høye fjell, som er i stand til å få frem frem slike dyktige forfattere?"

Litteratursymposiet 2015

"Hva er det med Odda, dette nitriste stedet innerst i Sørfjorden, knuget av høye fjell, som er i stand til å få frem frem slike dyktige forfattere?"
Dette spørsmålet stilte Arvid Bryne i Dagbladet hausten 2001. Frå det vaks arrangementet "Ka e det med Odda ?" som sette fokus på forfattarar og skribentar frå Odda, og som inspirerte til fleire litteraturarrangement, og kanskje også til at fleire blei forfattarar?

Litteratursymposiet i Odda spring ut av Frode Grytten sin forfattarskap. Med den moderne klassikaren Bikubesong dikta han Odda inn i norsk litteraturhistorie i 1999. Den karakteristiske forteljartradisjonen frå Odda blir halden i hevd både i romanen – og i Gryttens årlige byvandring Bikubegang der han tar publikum med på ein guida tur rundt til dei stadene han skriv om i Bikubesong. Turen inneheld historier om dei litterære karakterane i romanen og om faktiske personar og hendingar. Slik fortel han samtidig historia til industristaden Odda, som har vore ein av spydspissane i utviklinga av det moderne Norge.

Seinare har fleire forfattarar og skribentar frå Odda oppnådd nasjonalt gjennombrot:  Lars Ove Seljestad, Marit Eikemo, Bjørn Ingvaldsen, Hallgeir Opedal, Knut Olav Åmås for å nemne dei mest kjende.
Litteratursymposiet i Odda står i ei særstilling fordi litteraturen og staden er så tett knytta saman. Den lokale forankringa i alle ledd gir arrangementet ein heilt spesiell energi og atmosfære, og publikumstalet aukar for kvart år.  Fleire av arenaene på symposiet er allereie legendariske både i industrihistoria, lokalhistoria – og etter kvart også i litteraturhistoria: Lindehuset i det nedlagde smleteverket, Hardanger Hotel, Odda Kino, Meieriet og dei store fabriakkane i Odda.

I løpet av få år har litteratursymposiet i Odda gått frå å vere eit lite lokalt arrangement med einsidig lokalt forankra forfattarar -  til å bli ein nasjonal festival som strekker seg over fem dagar. Kvart år har festivalen hatt eit tema:

  • Heimstad
  • Klassereise
  • Frå industrikultur til kulturindustri
  • Politisk litteratur
  • Kjærleik
  • Musikk
  • Litterære bilete
  • Smuss
  • Bråk
  • Fengsla
  • Unorsk
  • Kompis

Etter fem år med idealistisk innsats og utrygg økonomi, fekk Litteratursymposiet i Odda i prosjektstøtte frå Visjon Vest i 2009. Midlane var øyremerka profesjonalisering av drifta av litteratursymposiet. Marit Eikemo blei tilsett som festivalleiar, og ho arbeidde med å få på plass ein profesjonell organisasjon og sikre den vidare økonomiske plattforma for Litteratursymposiet. Symposiet har sidan det vekse og etablert seg som ein av landets mest sagnomsuste festivalar. Publikumstala dobla seg alt første året, og både besøkstala, tal på inviterte forfattarar og arrangement, og ikkje minst kvaliteten på programmet, har under hennar leiing vore høg. Sommaren 2014 takka Marit for seg. Ho starta eit nytt kapittel, som redaktør i Vigmostad & Bjørke. Ingvild Ystanes, festivalkoordinator for Litteratursymposiet sidan 2011, vart konstituert som festivalleiar.

Her finn du alt om Litteratursymposiet 2015

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa