Litteratur & generasjonar

Møt Tormod Haugland og Leander Djønne i konseptet Litteratur & generasjonar! Dei samtaler med Margunn Vikingstad om forfatterskapa sine, om kunstnariske forbilde, bygd- og byliv, tradisjonar og om korleis samtida påverkar litteraturen.

Litteratur & generasjonar

Foto fra venstre: Helge Skodvin og Baard Henriksen

Tormod Haugland og Leander Djønne er begge forfattarar, bildekunstnarar og har erfaring frå livet på gard. Korleis speglar desse likskapane seg i deira litterære virke? Finst det fellestrekk i korleis dei ser på kunsten og den sin funksjon?

Haugland (f. 1962) debuterte med romanen Under i 1994, og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk. Djønne debuterte med sin første roman Oskespiralen i 2022. Dei to forfattarane er fødd med 19 års mellomrom, og representerer slik to ulike generasjonar. Ifølge Store norske leksikon tyder ordet generasjon slektsledd, eller individ som er fødd på omtrent same tid. Ordet viser også til menneskealder, i tydinga at fleire generasjonar lever på same tid. I litteraturen snakkar ein gjerne om litterære generasjonar når ein vil vise til forfattarar som er likesinna, eller deler fellestrekk som tema, stil og form. Men også om ein vil undersøke vennskap, kunstnarisk nærleik eller avstand mellom skrivande i ulike aldrar.

I denne arrangementsrekka kjem publikum til å møte forfattarar som frå eit biologisk perspektiv representerer ulike generasjonar. Samtalane kjem til å kretse om kva som forbind dei, kva som skil dei, om det å kjenne slektskap til andre forfattarar, og om litterære tradisjonar og strøymingar. Korleis påverkar tida vi er fødd inn i måten vi ser og orienterer oss på, ja i det heile: forståinga vår av kunst, og dermed av livet generelt?

Samtalen vert leia av forfattar og kritikar Margunn Vikingstad

Kvar: Skifte på Det Vestnorske Teateret

Når: Torsdag 7. mars kl. 20.00

Er det gratis inngang? Ja! Det er ikkje naudsynt å booke billett, berre møt opp!

Tormod Haugland er forfattar, illustratør og lærar ved Skrivekunstakademiet. Han er fødd på Radøy, og har utdanning frå jordbruksskule, teikne- og måleskule og Kunsthåndverkskolen i Bergen.

Leander Djønne (f. 1981) er biletkunstnar, forfattar, lærar og gardbrukar frå Hardanger. Oskespiralen er den første romanen hans, og for denne blei han tildelt Lytternes romanpris 2022. Djønne er busett i Odda.

Litteratur & generasjonar er ein arrangementsserie i regi av Norsk Forfattersentrum Vestlandet, eit samarbeid med Det Vestnorske Teateret. Serien er støtta av Fritt Ord og Norsk Forfattersentrums medlemsfond.

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa