Ferjefolket med Halvor Folgerø

Vestlandet kan oppsummerast i tre f'ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela, anten vi likar dei eller ikkje. Sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar. I den nye boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø.

Ferjefolket med Halvor Folgerø

Foto: Tove Breistein

Ferjene er eit fast og nødvendig innslag i livet til vestlendingen. Journalisten Halvor Folgerø tek oss med på ferjeturar og fortel historier frå Smøla-ruta i nord til Kvitsøy-ferja i sør. Bli med til fjordar og havstrekk, møt glade billettørar, stolte kapteinar, få historier om kvardagsliv og komikk, dramatikk og ulykker. Både mannskap, pendlarar, yrkessjåførar og reisande har sin plass i boka.

Den aller første bilferja her i landet heitte «Salhusfærgen». Frå 1919 frakta ferja både folk og bilar over Karmsundet i Rogaland. I dag vert ferjene mange stader bytte ut med bruer og tunellar. Dei siste 50 åra har 111 ferjesamband blitt lagde ned eller flytta her i landet, nær halvparten av dei på Vestlandet. Nostalgikarane blir blanke i auga, andre jublar når dei ser ein nedlagd ferjekai.

Ferjene set sterke kjensler i sving. Og dei er komne for å bli, i alle fall ei stund til. Forteljinga om ferjene utgjer ein viktig del av historia om Noreg, og ikkje minst om dei norske utkantane.

Boka er rikt illustrert med bilete frå ei rekkje ulike kjelder.

Halvor Folgerø er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje. Der har han arbeidd i både radio og TV, og gjort alt frå å vere nyhendeopplesar og programleiar til å lage humorprogram. I seinare tid har han jobba med Eides språksjov, saman med Linda Eide. Han har tidlegare skrive to bøker saman med Finn Tokvam, romanen Tyl og samtaleboka Ler dei no så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland. Særleg suksess har han hatt med bøkene Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar frå 2021 og 2022. Bøkene handlar om livet langs dei ville og spektakulære vestlandsvegane, og dei hausta uvanleg god mottaking og nådde mange lesarar då dei kom. I kjølvatnet av bøkene om livet på dei gamle, berykta vegane er ei bok om ferjene eit naturleg framhald.

24. oktober 2024 kl 19:00 på Statsraaden Bar & Reception, Bradbenken 2, Bergen
Arrangementet er gratis

Arrangeres på Statsraaden Bar & Reception i samarbeid Norli Strandgaten og Samlaget