Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Guri Sørumgård Botheim kjem frå Lesja og flytta i 2021 til Dombås, etter mange år i Trondheim. I lag med systera Sigrid debuterte ho med romanen Ramstein pensionat i 2009. Sigrid og Guri har vore humorskribentar saman og er kjente for særeigne framføringar.
I 2016 gav Guri ut Heime mellom istidene, ei diktsamling om kva det vil seia å kjenne seg heime, om ansvar og om erindring som tinar fram. Romanen Høgfjellsmeldinga vidarefører tema frå diktsamlinga, men knyter seg nærare eit dagsaktuelt konfliktstoff: Kven har rett til å bruke fjellet og til kva? Høgfjellsmeldinga er ein poetisk pageturner om naturrestaurering, kontorliv, radikale meiningar, kjærleik, hemn og usynlege drivkrefter.
Guri har eit hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå NTNU og har gått på Forfattarstudiet i Bø. Ho arbeider som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum.
Meldingen er sendt til forfatteren. Du skal ha fått en kopi på e-post, men dette er internett, og her kan alt skje ... Har du ikke fått kopi av meldingen, ta kontakt med Norsk Forfattersentrum. Vi blir også veldig glade for beskjed dersom forfatteren ikke svarer deg. Du finner oss her!
Ups! Noe gikk galt. Har du fylt inn epost og melding?
Har du gjort en avtale med Guri Sørumgård Botheim?
I Forfattarkatalogen finn du over 1800 forfattarar som tilbyr foredrag, opplesingar, bokbad, skrivekurs og mykje meir. Vi hjelper deg gjerne med å finne rett forfattar til oppdraget ditt.
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.
SONS OF LIBERTYs udistanserte Hongi hjerter og hjerner spiddet av enhjørningens anti-transcendentale regnbågs hallojs rosa horfluff med en twist (2013)
Armløs slår tilbake (Oktober, Roman, 2005)
Forbausende få katastrofer (Gyldendal Norsk Forlag, Lyrikk, 2000)