Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Kvar i kroppen sit ingenting (Samlaget, Lyrikk, 2012)
Liste over bokutgivelser kommer her.
Se alle utgivelser
Se mindre
Kaisa Aglen er født i 1985 i Volda, vaks opp på gard på Ekset, og flytta til Trondheim i 2005.
Ho har gitt ut tre diktbøker på Samlaget: Kvar i kroppen sit ingenting (2012), mellom krig (2016) og Eit større regn (2023). Eit knippe av tekstene er blitt gjendikta til tysk og russisk.
Bøkene spenner seg over ulike tema og skrivemåtar, men har til felles at dei byggjer på utmeisling av sanselege detaljar. I debutboka Kvar i kroppen sit ingenting har slike konsentrerte fragment hovudrolla, medan i mellom krig inngår dei i ein større kontekst som stiller spørsmål ved korleis vi tenker og talar om krig og ondskap. I Eit større regn kjem vi tettare på fire ulike dikt-eg, og deira sanseopplevingar knytta til å vere ein sjuk kropp i natur, relajonar og samfunn. Bøkene har også til felles at mykje av uttrykket ligg i rytme og klang; det er tekster som ønsker å bli lest høgt.
Kaisa har etterkvart fått brei erfaring i å lese opp og snakke om tekst. Ho har også publisert dikt og andre tekster i ulike antologiar og tidsskrift, no sist i antologien Ny amerikansk poesi 2, der ho har omsett dikt av Solmaz Sharif.
Meldingen er sendt til forfatteren. Du skal ha fått en kopi på e-post, men dette er internett, og her kan alt skje ... Har du ikke fått kopi av meldingen, ta kontakt med Norsk Forfattersentrum. Vi blir også veldig glade for beskjed dersom forfatteren ikke svarer deg. Du finner oss her!
Ups! Noe gikk galt. Har du fylt inn epost og melding?
I Forfattarkatalogen finn du over 1800 forfattarar som tilbyr foredrag, opplesingar, bokbad, skrivekurs og mykje meir. Vi hjelper deg gjerne med å finne rett forfattar til oppdraget ditt.
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.