Lukk søk
Liste over bokutgivelser kommer her.
Atle Berge (f. 1986) er utdanna journalist, og arbeider til dagleg for Norsk Forfattersentrum. Berge skapte med sine tre romanar Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015) eit særeigne univers der samfunnet vårt blir skildra på ein gjenkjenneleg, underhaldande og original måte. I 2017 dokumenterte han livet sitt som Brann-supporter på branndagboka.no, og Berge har også skrive fem lettleste fotballbøker om Barcelona-gjengen. Hausten 2019 kom Puslingar, ein roman som tek utgangspunkt i Alexander Kielland-ulykka. For denne vart Berge tildelt tidenes første LOs litteraturpris. Boka vart også nominert til EUs litteraturpris.
I Forfattarkatalogen finn du over 1800 forfattarar som tilbyr foredrag, opplesingar, bokbad, skrivekurs og mykje meir. Vi hjelper deg gjerne med å finne rett forfattar til oppdraget ditt.
Designa og utvikla med Webflow av Norsk Forfattersentrum og We Made