Wergelands åre 2016

Wergelands åre er ein pris som blir delt ut annakvart år. Den skal gå til personar eller institusjonar som i si verksemd har bidrege til forståing, formidling og synleggjering av poesi. Prisen blir delt ut rundt Henrik Wergelands fødselsdag 17. juni og er på kr. 10 000,-.

Norsk Forfattersentrum ønskjer med dette å slå eit slag for poesien, i alle former og alle medium. Prisen blei første gong delt ut i 1997.

I 2016 skal Wergelands åre delast ut på ny, og vi ønskjer forslag på gode namn. Etter at vi har mottatt forslaga, vil ein jury samansett av Mads Breckan Claudi og Marte Huke frå styret og Eirik Ingebrigtsen frå administrasjonen gi ei innstilling til styret, som kårar vinnaren.

[caption id="attachment_373" align="alignleft" width="197"]

Annelita Meinich, Foto: Guri Sørumgård Botheim

Annelita Meinich, Foto: Guri Sørumgård Botheim[/caption]

Tidlegare vinnarar:

1997: Turid Birkeland

1999: Oslo Sporveier – dikt underveis

2001: Volapük

2003: Dagbladet – diktbasen

2005: Erling Kittelsen

2008: Jan Erik Vold

2012: Hanne Bramness

2014: Diktafon ved Annelita Meinich

Forslagsfristen var 1. februar 2016

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene