"Alle som har nynorsk som arbeidsspråk for produksjonen kan søkje om ein plass i opplegget. Det gjeld både dei som vanlegvis brukar nynorsk, og dei som ønskjer å endra arbeidsspråket i prosjektet sitt", står det i utlysninga. Du søker med eit prosjekt som etterkvart kan bli ein ny produksjon i Den kulturelle skulesekken. Får du plass i ordninga, vil du bli invitert på eit kunstnaropphald for å arbeide vidare med prosjektet ditt gjennom samarbeid med Seanse – senter for kunstproduksjon i Volda. Her vil du få rettleiing og støtte til vidare utvikling av form og innhald, og ikkje minst rettleiing å nytte nynorsk som arbeidsspråk. Opphaldet blir dekt av ordninga.
Les meir om ordninga og korleis du søker på Kulturtanken sin nettstad: https://www.kulturtanken.no/tankebloggen/2020/10/14/utlysing-meirnynorsk-i-den-kulturelle-skulesekken
Søknadsfristen er 15. desember 2020.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.