Velkomen til Æ Å Trondheim litteraturfestival!

Ikkje sjeldan blir nytteverdien av kunst og kultur sett under debatt. Mange meiner at kunstnarisk verdi bør kunne talfestast i kroner og øre og kunstnariske opplevingar i timetal og kompetansemål. Vi er ikkje samde i at det er prislappen som avgjer kor verdifull eller nyttig kunsten er.

”Jeg skriver romaner for å gi leseren en erfaring han eller hun ikke finner andre steder”, seier forfattar og festivalgjest Rune Christiansen i eit intervju i Vinduet. I litteraturen finn vi stader vi elles ikkje ville funne, personar og lagnadar vi elles ikkje ville møtt, og erfaring vi elles ikkje ville ha fått utforska: Vi opnar ei bok, og ei ny orientering tek til. Gjennom litteraturen får vi stadig tilgang til nye landskap, nye menneske, nye dimensjonar.

Festivaltema i 2015 er orientering. Å orientere seg handlar om å vite kvar ein er, peike ut retningar og finne ut kvar ein skal. Brå eller gradvise endringar i omgjevnadar, i konkrete eller mentale terreng, gjer at ein tidvis er nøydd til å orientere seg på nytt. I ei skiftande verd er litteraturen det kartet som stadig held seg oppdatert, samtidig som den er hukommelsen som veit kvar vi har vore.

Æ Å Trondheim litteraturfestival har i år for fyrste gong motteke støtte frå Nordisk Kulturfond og Arild & Emilie Bachkes Fond. Denne anerkjenninga av festivalen er vi glade for. Støtta er ekstra viktig i eit år der Norsk kulturråd på overraskande vis har bestemt seg for å kutte all støtte til Norsk Forfattersentrum sine festivalar.

Heldigvis har vi mange gode støttespelarar som ynskjer seg litterære opplevingar i Trondheim. Vi sender ein stor takk til finansieringskjeldene, samarbeidspartnarane, det kunstnariske rådet og alle dei frivillige. Utan dykk, ingen festival!

Finn fram det kartet som freistar deg mest, og spring ut i det litterære terrenget saman med oss!

Programmet finn du her: Program Æ Å Trondheim litteraturfestival

Vennleg helsing
Janne Iren Olden, Martin Ingebrigtsen og Guri Sørumgård Botheim
Norsk Forfattersentrum Midt-Norge

Kontorbordet rett før festival


Æ Å Trondheim litteraturfestival
blir arrangert annakvart år. Arrangør er Norsk Forfattersentrum Midt-Norge i samarbeid med eit kunstnarisk råd. Festivalen blir kjenneteikna av nordisk profil, høg kunstnarisk kvalitet og inkluderande festivalstemning.

Sponsorane: Trondheim kommune, Institusjonen Fritt Ord, Nordisk Kulturfond, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Torstein Erbos Gavefond, Arild & Emilie Bachkes Fond, Norsk Forfattersentrum Medlemsfondet og forfattarane sine forlag.

Samarbeidspartnarane: Miljødirektoratet, Babel Visningsrom for kunst, Rockheim, Trondheim kunstmuseum, Adrianstua, Bislet Bok, NTNU, Grafill, Litteratur på Blå, Cinemateket Trondheim, Kartverket Trondheim og Trøndersk forfattarlag.

Kunstnarisk råd: Kaisa Aglen, Rune F. Hjemås, Harald Nortun, Mathias R. Samuelsen, Siv Gøril Brandtzæg, Christian Aske Myrhaug og Silje Warberg.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.