Stipenddryss på Lillehammer

Martin Ingebrigtsen, Dordi Strøm og Olav Løkken Reisop fekk i går Bokhandelens forfattarstipend på ein seremoni under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. Tidlegare i veka heidra LO ved Fagforbundet og Forfatterforbundet Maren Barlien og Haile Bizen Abraha med stipendet «Årets debutant».

Bokhandelens forfattarstipend har blitt delt ut årleg sidan 2007 og er eit samarbeid mellom Den norske Forfatterforening og Bokhandlerforeningen. Det er det litterære råd i Forfatterforeningen som innstiller forfattarar til dei tre stipenda: Eit hovudstipend på 200 000 kroner som  skal gå til «en særlig framstående utgivelse fra siste bokår» og to stipend på 60 000 kroner som blir tildelt «to nye og sterke forfatterskap.»

"Et uomtvistelig talent"

Dordi Strøm, Martin Ingebrigtsen, Olav Løkken Reisop og Lars Henrik Eriksen fekk alle stipend frå Bokhandlerforeningen.

Hovudstipendet gjekk i år til Martin Ingrebrigtsen for diktsamlinga Bukk & Sigd (Samlaget, 2023), medan dei to andre stipenda vart tildelt Dordi Strøm og Olav Løkken Reisop.

Om Bukk & Sigd skriv juryen blant anna:

Martin Ingebrigtsens innfall er så vilt kreative, samtidig som han har et uomtvistelig talent for å skape vellykkede poetiske bilder og setninger som får det til å søkke i leseren.

Om dei to romanane til Dordi Strøm skriv juryen:

Dette er romankunst som krever sitt av leseren, men den som vier tid og oppmerksomhet til Dordi Strøm blir til gjengjeld rikelig belønnet.

Frå forfattarskapet til Olav Løkken Reisop trekker juryen spesielt fram romanen Skriverholmen (Flamme forlag, 2023):

Skriverholmens store styrke ligger et annet sted; i de vare og presise beskrivelsene av naturen. De er kunnskapsrike, forbløffende observante og ofte uhyre velskrevne og viser hva Olav Løkken Reisop på sitt beste er i stand til som forfatter.

LO-stipend til Barlien og Abraha

I samarbeid med LO-Kultur og Fagforbundet vil Forfatterforbundet i åra framover heidre norske debutantar med stipend på 20 000 kroner. På årets debutanttreff på Lillehamemr vart forfattersentrum-medlemmene Maren Barlien og Haile Bizen Abraha, saman med Andreas Rand, tidenes første mottakar av utmerkinga «Årets debutant» i kategoriane «Voksen skjønnlitteratur», «Poesi» og «Barne- og ungdomslitteratur».

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene