Treng vi ein premie?
Mange barn og unge deltek på Sommarles. Dei låner bøker frå biblioteket, les, samlar poeng og hentar seg trofear og premiar. Kanskje vi vaksne òg kunne trenge ein premie? Det er fort gjort å strekkje seg etter mobilen ... skal berre sjekke kva som skjer.
Men vaksne treng òg ro og konsentrasjon.
Å lesa lengre tekstar og bøker er ikkje noko som skjer av seg sjølv. Ein må bestemme seg for å lesa. Hugs difor å setja av tid til lesing for din eigen del. Om ein hugsar å lesa sjølv, er det òg lettare å hugse å lesa for barna.
Oppfordring: Legg telefonen i eit anna rom, les ein halvtime!
Møtet med forfattaren er ein inngang til litteraturen
Fordi vi ynskjer å vera tett på lesarar, litteraturpublikum og forfattarar i heile landet, har Norsk Forfattersentrum avdelingskontor i alle dei fem landsdelane.
Jobben vår er å kople dykk saman!
Opp gjennom historia står vi bak store og småe leselysttiltak – frå den omreisande Gjøglarvogna til forfattarbesøk i lunsjpausar, frå poesitelefon til lesefestar. Vi arrangerer Dei litterære festspela, Æ Å Trondheim litteraturfestival, Fakta om fiksjon, Litterært springbrett, Litteraten, mange skrivekurs og bokdagar.
Leselystarbeidet vårt starta allereie i 1968, da vi vart grunnlagt. Ved å stifte Norsk Forfattersentrum ynskte nemleg grunnleggjarane Einar Økland, Tor Obrestad og Bjørn Nilsen å gjera avstanden mellom lesarar og forfattarar mindre og å sikre forfattarane honorar for oppdraga, slik at forfattarane kunne ta seg råd til å skrive ny litteratur.
Vi meiner at lesarane treng lesestoff om alle tenkelege emne i alle tenkelege former og sjangrar – skrive av modige forfattarar som har råd til å skrive bøker utan å justere seg etter kommersielle omsyn.
Leselyst-strategi
Vi les mindre enn før, spesielt barn og unge. Regjeringa seier at dei ynskjer å snu denne trenden. Gjennom arbeidet med ein leselyst-strategi er målet å skapa ein kultur for lesing hjå barn, unge og vaksne, slik at lesing blir noko som kan gjeva glede gjennom heile livet. Medan vi ventar på strategien, oppfordrar vi alle til å finne fram ei god bok!
Vi ynskjer deg ein inspirerande sommar full av bøker!