Skulen går over eitt år med fem helgesamlingar (fredag–søndag). I tillegg får du tilbod om tilbakemelding på tekstar mellom samlingane. Første samling er 2.-4. februar 2024. Reise og opphald blir dekt. Brynjulf Jung Tjønn og Kathrine Nedrejord (på bildet over) er to av forfattarane elevane vil møte i løpet av året.
Forfattarskulen er eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget og Minotenk. Målsettinga er å skape eit større litterært mangfald og å motivere fleire til å delta i den offentlege samtalen. Forfattarskulen er for skrivande med minoritetserfaring. Som søkar må du vere over 18 år og ikkje vere etablert forfattar.
Søknaden skal innehalde eit brev der du fortel om deg sjølv, bakgrunnen din og motivasjonen for å søke. I tillegg må du sende 5–10 sider skjønnlitterær tekst eller sakprosa skriven på nynorsk (t.d. dikt, kortprosa, novelle, utdrag frå større manus, barnebok).
Nynorsk vil bli arbeidsspråk gjennom kurset, men det er ikkje krav om at nynorsken skal vere feilfri. Vi er opne for søknader både frå dei som allereie har nynorsk som sitt skriftspråk, og dei som har ønske om å arbeide litterært med nynorsk som sitt skriftspråk.
Nokre eksempel på kva vi legg i omgrepet «minoritetserfaring»: Nasjonale minoritetar, skrivande med funksjonsnedsetjing eller funksjonsvariasjon, kjønnsminoritetar, skrivande med samisk bakgrunn, fleirkulturell bakgrunn eller innvandrarbakgrunn.
I 2022 har Forfattarskulen hatt m.a. desse forfattarane inne som gjestelærarar og foredragshaldarar: Thomas Marco Blatt, Nina Grünfeld, Camara Lundestad Joof, Kjersti Anfinnsen, Brynjulf Jung Tjønn, Marta Breen, Demian Vitanza, Fatemeh Ekhtesari.
Praktisk informasjon
Send søknad til forfattarskulen@samlaget.no
For spørsmål, kontakt Sigmund Løvåsen forfattarskulen@samlaget.no
Frå januar tar Therese Tungen over som prosjektleiar for Forfattarskulen.
Søknadsfrist: 17. november