Arne Danielsen
Danielsen er ein svært erfaren sjakkspelar, og har blant anna skrive sjakkromanen Åttenderaden, portrettert verdsmeister Magnus Carlsen i Mesteren – Magnus Carlsen og sjakkspillet og vore med å stifta Vålerenga Sjakklubb.
Kristin Ribe
Ribe har blant anna skrive På terskelen til sjakkens vinnende vesen, ei bok den profilerte sjakkeksperten Atle Grønn karakteriserer slik:
«Kombinasjonen er forfriskende lesning og bør appellere til hundretusener av voksne TV-tittere som gjerne betrakter sjakkverdenen med nysgjerrighet, men også med overdreven ærefrykt. Her er endelig en bok som tar nybegynnerens parti, skrevet på nybegynnerens egne premisser.» (Kilde: Sjakkhuset.no.)
Saman med Kim Småge har Ribe har også laga sjakkforestillinga Kong Olav i krig. SJAKKMATT: Slaget på Stiklestad basert på si eiga bok med same namn.
Eivind Riise Hauge
Hauge fekk i 2021 sitt litterære gjennombrot med romanen Korrektur av et sorgens kapittel, men har tidlegare også skrive både skjønnlitteratur og sakprosa med sjakk som hovudtema. I denne samanhengen er det nok Sjakk – spillenes konge frå 2016 som merkar seg ut, ei bok som av forlaget blir blir karakterisert som den store norske sjakkboka.
Hans Olav Lahlum
Lahlum er frå før ein velkjent sjakkekspert for alle som har sett ei sjakksending på NRK eller VGTV, og har saman med allereie nemnde Atle Grønn, skrive Sjakkgeniene. Historien om verdensmestrene av Cappelen Damm oppsummert som «sjakkens verdenshistorie fortalt gjennom portretter av de 16 verdensmesterne fra Wilhelm Steinitz i 1886 til Magnus Carlsen».
Aleksander Kirkwood Brown
På jakt etter nokon som kan formidle sjakk til barn? I teikneserieromanen Magnus Carlsen og sjakkmorderen har Aleksander Kirkwood Brown skapt eit mysterium der løysinga på krimgåta «i store trekk følger sjakkens logikk og regler».
Saknar du ein forfattar på lista? Ikkje nøl med å ta kontakt!