Sanning og forsoning

12. november 2024 vart ein historisk dag da Stortinget behandla rapporten «Sannhet og forsoning – grunnlag for et oppgjør med fornorskingspolitikk og urett mot samer, kvener/norskfinner og skogfinner». Stortinget vedtok å seia unnskyld til samar, kvenar, norskfinnar og skogfinnar for uretten som er gjort mot dei.

Sannhets- og forsoningskommisjonen foran Stortinget. Foran f.v. Anna-Kaisa Räisänen, Liss-Ellen Ramstad, Pia Lane, Dagfinn Høybråten, Anne Julie Semb, Anne Kalstad Mikkelsen, Liv Inger Somby og Inger Elin Utsi. Midtre rad f.v. Jon-Christer Mudenia, Isak Andersen Turi, Aslak Syse, Håkon Hermstrand, Marit Myrvoll og Torkel Rasmussen. Bakre rad f.v. Ketil Zachariassen, Ivar Bjørklund, Per Oskar Kjølaas og Einar Niemi. Foto: Stortinget.

FAKTA

Sannings- og forsoningskommisjonen vart leia av Dagfinn Høybråten og besto av 11 andre fagpersonar, oppnemnt av Stortinget. I tillegg til den grundige rapporten er det levert inn 760 personlege historier, som skapar grunnlag for større forståing. Rapporten er ein nesten 700 sider lang gjennomgang av fornorskingspolitikken og konsekvensane av den. Det siste kapittelet handlar om forsoning og formulerer tiltak.

«Hovedmålsettingen er at kommisjonen, gjennom å etablere en felles forståelse av fornorskingspolitikken og dens konsekvenser, skal legge grunnlaget for forsoning mellom skogfinner, samer, kvener og majoritetsbefolkningen.»
(Sitat s. 658 i kommisjonens rapport.)

Både symbolsk og praktisk viktig

Avdelingsleiar Johannes Utstøl Johannessen ved Norsk Forfattersentrum Nord-Norge.

Kvifor er denne rapporten så viktig? Vi spør avdelingsleiar Johannes Utstøl Johannessen ved Norsk Forfattersentrum Nord-Norge.

– Rapporten slår blant anna fast at fornorskingspolitikken førte til eit dramatisk språktap blant samar, kvenar, norskfinnar og skogfinnar. Stortinget si behandling av rapporten er viktig på eit symbolsk nivå, fordi det blir sagt unnskyld. Det aller viktigaste er kanskje likevel framtidsvisjonane og tiltaka. For eksempel styrker Stortinget rettane både for dei som bruker samisk og kvensk og for dei som ynskjer å lære språka.

Språk og litteratur er ein del av forsoningsprosessen

Sannings- og forsoningskommisjonen meiner ei reversering av fornorskingspolitikken sine språklege konsekvensar er ein sentral del av forsoningsprosessen. Kommisjonen oppfordrar nasjonale institusjonar til å etablere samarbeid og å bidra til synleggjering, ivaretaking og formidling av samisk, kvensk/norskfinsk og skogfinsk kultur.

– Kommisjonen trekkjer fram språk som ein viktig del av forsoningsprosessen. Det betyr at forfattarar, omsetjarar og litteraturformidlarar får ei særleg viktig rolle, meiner Johannessen.
– For å auke formidlinga av samisk, kvensk, norskfinsk og skogfinsk kultur, må vi dyrke fram meir mangfaldig litteratur og litteraturformidling. Norsk Forfattersentrum ynskjer å bidra i dette arbeidet.

Rapporten er ikkje ei avrunding, men ein start

Fleire av politikarane som gjekk på talarstolen i Stortinget var tydeleg rørte, og mange la vekt på at rapporten ikkje er ei avrunding av, men ein start på det vidare forsoningsarbeidet.

Ein kan ikkje setja likskapsteikn mellom forsoning og tilgjeving. Kommisjonen skriv at det for mange vil vera mogleg å bli forsona utan å tilgjeva. Ein kan ikkje instruere folk om å be om unnskyldning eller å bli forsona. Heile samfunnet må følgje opp gjennom ein felles vilje. Avdelingsleiar Johannes Utstøl Johannessen er einig med kommisjonen.

– Forsoning og tilgjeving kan ikkje dyttast på nokon. Vilje til å rette opp skadane mot samiske og kvenske kulturar og språk, må visast gjennom handling. Og det må bety konkrete tiltak og midlar til styrking av kulturane, språka, litteratur og formidling. Og alt dette må skje på eigne premissar, og ikkje nødvendigvis via det norske språket.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.