Omsetningsrekord for 15. året på rad

Jubileumsåret 2018 vart nok eit rekordår for Norsk Forfattersentrum med 32,6 millionar kroner i utbetalte honorar og 8981 oppdrag fordelt på 767 forfattarar.

Hausten 1968 fekk Bjørn Nilsen, Einar Økland og Tor Obrestad velsigning frå Den norske Forfatterforening til å starte eit senter som skulle skaffe norske forfattarar formidlingsoppdrag, og sikre at dei fekk betalt for oppdraga. 50 år seinare har 100 medlemmer blitt til 1545, og frå å overleve på 10 000 kroner den første hausten, fakturerer vi i dag for over 32 millionar kroner på vegne av medlemmene våre.

I 2018 utbetalte vi nesten tre millionar kroner meir til norske forfattarar enn i 2017, ei auke i honorarutbetalingar på 9,9 %. Også i åra før opplevde vi ei kraftig auke i honorarutbetalingar: +14,3 % i 2017, +13,1 % i 2016 og +5,2 % i 2015.

Norsk Forfattersentrum er ei suksesshistorie. Medan det tidlegare var vanleg for forfattarar å opptre gratis, er nå formidlingsoppdrag ein sentral del av forfattarøkonomien.

Pressa forfattarøkonomi
Formidlingsoppdraga er eit kjærkomme bidrag til ein pressa forfattarøkonomi. For trass den store auka i formidlingsoppdrag, held ikkje forfattarinntektene tritt med lønnsauken elles i samfunnet. Dette bekymrar oss. Rapporten «Kunstens autonomi og kunstens økonomi» (2015) viste at forfattarane si medianinntekt gjekk ned frå 2006 til 2013. Låge kunstnariske inntekter blir kompensert med at forfattarane må bruke meir av tida si på ikkje-kunstnarisk arbeid. Forfattersentrum jobbar for at forfattarane skal kunne bruke mest mogleg av tida si på å utøve yrket sitt. Vi ønsker difor at tilleggsinntektene i størst mogleg grad skal koma frå kunstnarisk relatert arbeid, gjerne formidlingsarbeid, og minst mogleg frå ikkje-kunstnarisk arbeid. Det er fordelaktig i eit samfunnsperspektiv at forfattarane blir brukt på ein yrkesrelevant måte.

Stor breidde
Norsk Forfattersentrum arbeider for at eit breitt spekter av stemmer skal komme til orde både på våre eigne og andre sine arrangement. Den levande litteraturen og dei aktive forfattarane bidreg til å sikre demokratiet og å forme eit godt og inkluderande samfunn. Auka leseevne fører til auka evne til samfunnsdeltaking. Forfattarane tilfører leselyst og leseevne til barn, ungdommar og vaksne, dei sikrar varierte litterære opplevingar og levande lokalmiljø i heile landet. I kontakt med potensielle oppdragsgivarar er vi derfor svært opptekne av å formidle heile breidda i samtidslitteraturen, og svært stolte over at over 760 ulike forfattarar har fakturert oppdraga sine gjennom oss i 2018!

Toppfoto:  Forfattar og nestleiar i Norsk Forfattersentrum, Alfred Fidjestøl, framfor Forfattersentrum sine tre grunnleggarar Tor Obrestad, Bjørn Nilsen og Einar Økland på Forfattersentrums femtiårsmarkering 20. september 2018 på Litteraturhuset i Oslo. Foto: Espen Gees

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.