Norsk Forfattersentrum inviterer til bransjeseminar i Bergen

Målet er å skape ein arena der heile litteraurbranjen kan møtast.

Marit Eikemo er hyra inn som prosjektleiar for BLU – Bransjeseminar, litteratur og utvikling. Foto: Agnete Brun

Norsk Forfattersentrum vil etablere eit bransjeseminar for litteraturfeltet. Vi har fått støtte til å realisere ein pilot i februar 2025. Her kan bransjeaktørane i fellesskap diskutere form og innhald på det framtidige årlege bransjeseminaret. Målet er å arrangere det første ordinære seminaret i Oslo i november i 2026, i dagane opp mot Brageprisutdelinga.

Bransjen står overfor store utfordringar. Nye digitale verdikjeder, kunstig intelligens, plattformbaserte tenester, internasjonalisering, nye maktkonstellasjonar og maktforskyvingar er døme på endringar i feltet. Endringane vil krevje nye måtar å arbeide med distribusjon og formidling av litteratur. Samtidig som bransjen på mange måtar er råka av uvisse, meiner vi det er viktig å løfte fram dei moglegheitene endringane gjev. Kan vi tenkje nytt og visjonært rundt fastgrodde mønster?

Vi håpar du og kollegaene dine vil ta turen til Bergen 6.–7. februar! Piloten blir arrangert samtidig som Bergen Internasjonale litteraturfestival. Festivalen tilbyr hyggelege prisar til deltakarane.

Foreløpig program (endringar kan kome)

Torsdag 6. februar

Kl. 19 | Mingling og mat

Velkommen med Marit Eikemo.

Kl. 20.00 | Kunstnarisk program

«Kjære alle saman» med Frode Grytten
I sju år har Erlend Berge fotografert talarstolar over heile landet. 17. mai-pynta ungdomshus, pressekonferansar, politiske landsmøte og gløymde talarstolar. Frode Grytten har late seg inspirere av desse bileta og skrive dikt og prosa, som med vidd og alvor, refsar og kommenterer ytringsklimaet i samtida. Kanskje vil han også refse og kommentere den norske litteraturbransjen?

«Huntstunt» med Ingrid Storholmen
Med boka Bloddråpetall gir Ingrid Storholmen liv til menneske og samfunn bak tala i helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT). Storholmen og skodespelar Øystein Kanestrøm isceneset tekster frå den kritikarroste boka.

Frå programserien «Sa ka la»
«Sa ka la», sa Jon Fosse då han i 2004 skulle namngi det nye teaterstykke sitt om kva som skjer når menneske mistar språket sitt. Mats Tønjum Alfsen har med denne programserien trekt til seg eit stort og nytt litteraturinteresserte publikum i Bergen. Vi får ein special edition av «Sa ka la» med opplesingar frå byens unge upubliserte.

«Kjære alle saman»
Frode Grytten avrundar programmet. Mingling i baren.

Fredag 7. februar

Kl. 08.30 | Kaffi og mingling/registrering

«Kjære alle saman» med Frode Grytten

Kl. 09.00 | Oppspark

Trine Skei Grande, direktør i Forleggerforeningen: Kvifor treng litteraturfeltet eit bransjeseminar? Samtale i plenum.

Kl. 10.00 | Bransjetal

Aslak Sira Myhre, nasjonalbibliotekar: Kva betyr bransjens statistikkar – og korleis kan vi bruke dei?

Samtale i plenum om bibliotekstatistikk jamfør salsstatistikk: Korleis kan vi presentere og bruke bransjetala i bransjeseminaret?

Kl. 11.00 | Kor fritt er det frie ordet i krisetider?

Knut Olav Åmås, direktør for Fritt Ord. Samtale i plenum om vilkåra for den offentlege samtalen om litteratur. Panel: mediefolk, kritikarar, representantar for nye medium og publiseringsplattformar.

«Kjære alle saman» med Frode Grytten

Kl. 12.00–13.00 | Lunsj

Kl. 13.00 | Internasjonalisering

Innleiing ved Margit Walsø, direktør for Norla. Samtale i plenum om internasjonalisering, norsk litteratur i utlandet, agentur, utanlandsk oppkjøp i norsk bransje, omsetjarar, forlag m.m.

Kl. 14.00 | Den norske, svenske og danske lesaren

Innleiing ved Henriette Romme Lund, ved Nationalt videncenter for læsing i Danmark om lesesituasjonen i Danmark, likskapar og forskjellar til Norge. Samtale i plenum.

Kl. 15.00 | Nye tider, nye moglegheiter

Om digitale plattformar, ny litteratur, KI m.m. Samtale i plenum.

«Kjære alle saman», Frode Grytten oppsummerer.

Kl. 16.15 | Programslutt

Påmelding

vest@forfattersentrum.no