Norsk Forfattersentrum fordømmer hets mot medlemmene våre

Styret og administrasjonen i Norsk Forfattersentrum fordømmer på det sterkaste at ikkje alle medlemmer i Norsk Forfattersentrum kan ytre seg fritt i offentlegheita utan å møte trugslar og hets.

Denne veka har vi fått to nye døme på at forfattarar i Norge møter hets og trugslar.

Tysdag fortalde forfattar Sumaya Jirde Ali på Facebook-sida si at ho hadde meld komikar Atle Antonsen til politiet for hatefulle ytringar og trugande åtferd. Det tok ikkje lang tid før forkastelege meldingar vart sende privat til Ali, og posta som kommentarar på sosiale medium og i kommentarfelta på nettavisene som omtalte saka. NRK gir fleire døme i saka «Anmeldte Atle Antonsen for rasisme – da rant hetsen inn».

Samme dag la Bjørn Hatterud ut bilde på Facebook-sida si av to postkort han har fått tilsendt. Det eine med teksten «Fy faen, så boka di. Om du noen gang kommer tilbake til Dala skal du få grisejuling!». Det andre «Jævla homsefaen!». Trugslane er melde til politiet.

Desse to sakene er dessverre ikkje unike, og er del av eit større problem der også andre med viktige samfunnsoppdrag blir møtte med hets og trugslar når dei ytrar seg. Vi fryktar sjølvsagt at dette kan vere med på å skremme andre frå å nytte ytringsfridomen sin, til dømes at forfattarar skal la vere å skrive om og formidle erfaringar knytt til tema dei på førehand veit vil bli møtt med hat.

Styret og administrasjonen i Norsk Forfattersentrum fordømmer derfor på det sterkaste at ikkje alle medlemmer i Norsk Forfattersentrum kan ytre seg fritt i offentlegheita utan å møte trugslar og hets, og vi har sjølvsagt vore i kontakt med Ali og Hatterud.