Mi sommarbok: Siri Aurland Bredesen om «Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet»

I dagens «Mi sommarbok» møter du avdelingsleiar for Midt-Norge-kontoret Siri Aurland Bredesen. Siri har valt seg «Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet» (Cappelen Damm, 2012) av Eivind Hofstad Evjemo som si sommarbok.

Siri Aurland Bredesen har valt seg «Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet» (Cappelen Damm, 2012) av Eivind Hofstad Evjemo som si sommarbok. Portrett: Lillian Hjellum. Layout: Guri Sørumgård Bortheim. Intervju: Atle Berge.

– For rundt ti år sidan var det ein bokhandel i nabokommunen som skulle leggast ned, og eg fekk eit tips om at det var eit skikkeleg megasal der. Det var snakk om ein heil drøss med samtidslitteratur til mellom 19 og 49 kroner, så eg plukka ganske så ukritisk alt som såg spennande ut, og las den sommaren ein heil masse bøker. Boka som verkeleg stod att var Eivind Hofstad Evjemos Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet. Evjemo har skrive ein heilt nydeleg kollektivroman som eg vil tilrå alle å lese når som helst på året. I romanen teiknar han eit bilde av korleis samlivet, utfordingar, intrigar og mellommenneskelege relasjonar utspeler seg i lite miljø, og samtidig kor avhengige vi er av kvarandre i det store samfunnsmaskineriet. Og, kor snille og slemme vi er med kvarandre.

Årets sommarbunke

Årets lesesommar blir påverka av jobben, fortel Siri.

– På årets ferie tar eg med meg ein stabel bøker som er spelt inn som forslag til NTNUs litteraturpris, men eg kan nesten ikkje røpe kva bøker det er snakk om.

NTNUs litterarturpris går annakvart år til ein skjønnlitterær forfattar og annakvart år til ein sakprosaforfattar som kjem frå eller arbeider i Trøndelag. I år er det sakprosaen som skal heidrast.

– Eg skal forresten også lese Elektrolysesang av Håvard J. Nilsen. Romanen kjem ikkje ut før til hausten, men eg skal bokbade Nilsen i august, så eg får lov å lese før alle andre, og gler meg!

Elektrolysesang er en roman om Mosjøen, om strandstedet som ble et ladested, og ladestedet som ble en industriby. Det er en roman om lange dager og såre muskler. Om å gjenreise landet og bygge et nytt Norge. Om individer og fellesskap. I ei tid da Arbeiderpartiet var den førende krafta. Det er en roman om Johannes og Sivert. Og om Sivert og Mia. Det er en roman om håp og industri og mørke. Tredd gjennom et aluminiumsverk.

Flamme forlag om Elektrolysesang (2024) av Håvard J. Nilsen

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene