Mi sommarbok: Eva Lene Gilje Østensen om «Medusas flåte»

I dagens «Mi sommarbok» møter du prosjektansvarlig ved Norsk Forfattersentrum Vestlandet Eva Lene Gilje Østensen som har valt seg «Medusas flåte» (Cappelen Damm, 2019) av Franzobel som sitt sommarlesetips.

Eva Lene Gilje Østensen som har valt seg «Medusas flåte» (Cappelen Damm, 2019) av Franzobel som sitt sommarlesetips. Portrett: Lillian Hjellum. Layout: Guri Sørumgård Bortheim. Intervju: Atle Berge.

– For meg finst det ikkje éi ultimat sommarbok, men sommaren er jo ei fin tid til å lese mykje. I den grad eg koplar bøker med årstider, trur eg det handlar meir om minne frå tida då eg las den aktuelle boka. For eksempel las eg Franzobels Medusas flåte ein sommar for nokre år sidan, og når eg tenker på den, hugsar eg ikkje berre ein fantastisk roman om ei rystande historisk hending, men også stemninga denne første sommaren under koronapandemien. Det er jo veldig fint at gode bøker kan flette seg saman med minne frå eige liv! Medusas flåte kjenst nesten som ein klassikar allereie. Franzobels skriv så ekstremt engasjerande om det franske skipet Medusa som havarerer utanfor kysten av Sengegal i 1816 og menneska som prøver å redde seg sjølv på ei flåte.

– Eg har også eit anna lesetips til sommaren. Elizabeth Costello (Cappelen Damm, 2005) av J.M. Coetzee. Coetzee skriv fram ei eldre, klok, prinsippfast, men ikkje skråsikker kvinne på ein utruleg fin måte. Herregud for ei nydeleg, sympatisk bok!

Sommarbunken 2024

Falsk tilståelse og andre essays av Espen Stueland, er ei av bøkene Eva Lene håpar på å få lest i sommar.

Eva Lene fortel at ho nettopp har kjøpt seg nytt hus, og har tenkt å tilbringe årets sommarferie lesande i hagen på Askøy utanfor Bergen.

– Vanlegvis består sommarlektyren min av bøker eg har hatt liggande ei stund, pluss nyskaffingar. Eg rekk nok ikkje å komme gjennom alle i løpet av sommaren, men i årets bunke ligg Espen Stuelands Falsk tilståelse og andre essays (Forlaget Oktober, 2013), Herdis-trilogien til Torborg Nedreaas, Sommer Scener fra et provinsielt liv (Cappelen Damm, 2010) av allereie nemnde Coetzee og ikkje minst Brødrene Eikemo av Marit Eikemo.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene