Mi sommarbok: Christina Pernille Årst om «Billy the Kids samla verk - venstrehendte dikt»

I dagens «Mi sommarbok» møter du formidlingskonsulent ved Nord-Norge-kontoret Christina Pernille Årst. Ho trekker litt motvillig fram to mørke, amerikanske ørkenbøker.

«Billy the Kids samla verk - venstrehendte dikt» er éi av to bøker Christina Pernille Årst trekker fram i dagens utgåve av «Mi sommarbok». Portrett: Lillian Hjellum. Layout: Guri Sørumgård Bortheim. Intervju: Atle Berge.

– Ja … Først må eg få seie at eg slit litt med konseptet sommarbok. Eg hugsar vanlegvis ikkje når eg har lese ei bok, om det var om sommaren eller vinteren, og eg les aldri tematisk etter årstidene. Men eg har hatt éin skikkeleg litteratursommar i livet mitt! I fjor sat eg nemleg inne heile jævla sommaren og skreiv endeleg ferdig den jævla masteroppgåva mi i engelsk litteratur. Bøkene eg skreiv om og las i igjen og igjen, var Blodmeridianen av Cormac McCarthy og Billy the Kids samla verk – venstrehendte dikt av Michael Ondaatje. Eg må spesielt få trekke fram omsettinga til Espen Stueland og Anne Arneberg av boka til Ondaatje.

Her er eg på solkanten
som kunne sette fyr på meg
ser ut på den kvite harpiksen
av himmel og gras overeksponert til det absurde
ventar på venner av mine fiendar eller av meg

I hendene har eg ingenting
men kvar rørsle eg skulle gjere
reise meg sakte gå
i utkanten av mørkret
hente våpna
ligg planlagt i auget

Ein gut skuggar for lyset
i blå skjorte og jeans
det lange håret over øyra
ungt andlet som ein slags farao


Eg er ute av stand til å røre meg
med ingenting i hendene


Utdrag frå Billy the Kids samla verk – Venstrehendte dikt (Samlaget, 2012, s. 86), omsett av Espen Stueland og Anne Arneberg.

Valdelege ørkenbøker

Stemningsskapande illustrasjojnsbilde. Foto: Thomas Bush IV, Unsplash

Gode kollegaer googlar sjølvsagt straks den jævla masteroppgåva til Christina, og finn snart Violence and Representation in Blood Meridian, or the Evening Redness in the West by Cormac McCarthy and The Collected Works of Billy the Kid: Left-Handed Poems by Michael Ondaatje.

– Kan du fortelje litt meir om Billy the Kids samla verk? Ut frå tittelen på oppgåva di, ser det ikkje akkurat ut til å vere ei feel good-bok vi har med å gjere?

– Nei, begge bøkene eg skreiv oppgåva mi om, er bøker som oppheld seg i eit amerikansk ørkenlandskap. Dei har til felles at dei er veldig valdelege, fulle av sveitt og klam stemning. Sjangeren kan vel tenkast å vere noko slikt som «revisjonistisk Western». Begge bøkene leiker med myten om Vesten. Der Blodmeridianen går meir inn i det metafysiske landskapet, og bruker «den ville vesten» til å fortelje om korleis meningsskaping generelt er ein valdeleg prosess – gjer Billy the Kid det samme, berre med utgangspunkt i den klassiske myten om den lovlause Billy the Kid. Ved å gjenfortelle myten om Billy, der han vert skapt, oppløyst og gjenskapt, vert han fragmentert til det meiningslause. Orda sprett vilt rundt i boka, slik pistolkulene flaug rundt han, og lesaren må sjølv plukke opp bitane av han for å setje dei saman igjen og igjen og igjen. Eg skreiv jo masteren min på engelsk, men leste mykje i den norske omsetjinga, som altså var veldig imponerande. Kan eg forresten få skyte inn ein appell til omsettarar om å bli medlem i Norsk Forfattersentrum? Eg trur vi skal få til mange gode arrangement der også omsettarane med sine kunnskapar har ein naturleg plass!

Sommarboka 2024

Denne sommaren, no som ho kan lese kva ho vil igjen, skal Christina lese ei Johan Harstad-bok.

– Eg gler meg veldig til Under brosteinen, stranden! som kjem i haust, og skal lade opp med Ferskenen.

Frode Brandeggen (1970–2014), en ukjent forfatter for de fleste, debuterte i 1992 med den over to tusen sider lange, eksperimentelle romanen Konglomeratisk pust.

Den ble fort glemt.

I årene etter lette Brandeggen iherdig etter en ny form og en ny litteratur, i håp om også å nå et større publikum. Han fant det til slutt, i mikroromanene om Ferskenen, et protestorientert krimprosjekt som tok mål av seg å konfrontere genrens svakheter og plotmessige uthaling. Som våpen valgte han en banal krimhelt som enten allerede er på plass hvor forbrytelsen finner sted, eller som befinner seg i umiddelbar nærhet slik at løsningen raskt kan avsløres. På den måten ville Brandeggen tilby krimlitteratur til folk som ikke har tid til å lese lange bøker eller som hater å lese, men elsker krim. Banal mikrokrim eller genial avantgardisme? Skillet er hårfint og vagt.

Denne utgivelsen samler for første gang alle de 15 romanene Brandeggen skrev om Ferskenen, i en utgivelse utstyrt med entusiastiske og utfyllende sluttnoter av den tyske annotatøren Bruno Aigner (1934–).

Gyldendal om Ferskenen (2018) av Johan Harstad.