Mi sommarbok: Atle Berge om «Drømmefakultetet»

I dagens «Mi sommarbok» møter du kommunikasjonsmedarbeidar Atle Berge som har valt seg «Drømmefakultetet» (norsk utg. Aschehoug, 2009) av Sara Stridsberg som si sommarbok.

Atle Berge har «Drømmefakultetet» av Sara Stridsberg som si sommarbok. Portrett: Lillian Hjellum. Layout: Guri Sørumgård Bortheim. Intervju med seg sjølv: Atle Berge

– Eg kjøpte Drømmefakultetet på Norli Universitetsgata i Oslo dagen før eg skulle på interrail sommaren 2009, og las dei første sidene på Kaffistova før avreise. Boka hadde vunne Nordisk råds litteraturpris og stadig dukka opp i samtaler med venner som ei bok eg måtte lese, men eg vart likevel overraska over intensiteten og energien boka starta med.

Et hotellrom i Tenderloin District, horestrøket i San Francisco. Det er april 1988 og Valerie Solanas ligger og dør av lungebetennelse på en skitten madrass og nedpissede laken.

Frå Drømmefakultetet av Sara Stridsberg s. 7 (Aschehoug, 2009), omsett til norsk av Monica Aasprong

Urein stil

Drømmefakultetet skildrar livet til Valerie Solanas, mest kjend for å ha skrive manifestet SCUM (Society for Cutting Up Men) og å ha skote Andy Warhol. Det første du merkar deg dersom du blar kjapt gjennom boka, er likevel forma. Romanen består av korte kapittel, ofte sett opp som poesi og teateraktige dialogar. Lesaren får blant anna servert barndomsminne, scener frå universitet, rettssal og psykiatri, samt samtalar mellom forteljaren i romanen og Solanas.

FORTELLEREN: Fortell om manifestet, fortell om SCUM.
VALERIE: En verdensomspennende antivoldsorganisasjon. En utopi, en massebevegelse, en leende blobb som langsomt brer seg ut over verden. En tilstand, en holdning, en måte å bevege seg gjennom byen på. Alltid skitne tanker, skitten kjole, skitne usle hensikter.


Frå Drømmefakultetet av Sara Stridsberg s. 70 (Aschehoug, 2009), omsett til norsk av Monica Aasprong

– Det er ikkje berre lesesituasjonen, altså i togkupéar, samt tyske, franske og spanske caféar og pubar, som gjorde dette til ei sommarbok for meg. Sara Stridsberg peisar usjenert på i ei febril, romantisk form som passar glovarme sommardagar godt. Det bugnar av sommarfuglar og sjøhestar, og patosfylte kontrastar mellom lys og mørke. Som sitata viser, er Valerie samtidig så hatefull og full av sorg og fortviling at det ikkje akkurat er nokon fare for at teksten blir sukkersøt.

Sommarboka 2024

– Årets sommarlesing, då?

– I sommar skal eg i alle fall lese Eels have av Liv Mossige. Både kritikarar og venner med god smak har gjort meg nysgjerrig på bøkene til Mossige, og denne ser ut til å sette problemstillingar eg er opptatt av på spissen på ein interessant måte. Kva skjer til dømes når gode intensjonar kjem ut av kontroll, eller blir handheva av eit strengt, prinsippfast system? Boka har dessutan eit gult og sommarleg omslag!

En alenemor flytter med sønnen til en økolandsby i Danmark, der hun har fått jobb som deltidspleier for en funksjonshemmet gutt. I Eels have har folk vendt den moderne verden ryggen. De er overbevist om at jorden lider under menneskenes åk. Mor og sønn kastes inn i en verden der det moralske kompasset peker i uvante retninger.

Kanskje er det bare det umælende livet som virkelig har livets rett?


Forlaget Cappelen Damm om Eels have (2024) av Liv Mossige