Lyttarpris til Tormod Haugland

P2-lyttarane røysta fram "Sirenene" (Forlaget Oktober) som fjorårets beste roman.

Tormod Haugland og omslaget til vinnarromanen "Sirenene" (Forlaget Oktober, 2024). Forfattarportrett: Helge Skodvin.

– Då eg las Sirenene gløymde eg at eg sat i juryen. Eg var berre ein lesar, fortel jurymedlem Thomas Bastiansen i ei pressemelding frå NRK.

Lyttarjuryen får støtte frå kritikarstanden:

– Han har vore god heile vegen, men eg trur kanskje eg aldri synes han har vore betre enn no, uttalar NRKs Knut Hoem i pressemeldinga.

Ein sundag i hundedagane står odelsguten Tormod Kolbrunargard i tunet og ser mot gamlehuset. Han ser etter livsteikn frå farfaren og farmora. Foreldra har reist nordover, og syskena, Andremake og Jote, er heller ikkje heime. I ei veke har han styrt garden åleine, og han kjenner på ansvaret for dyra og ei bortkomen kvige. Han dreg for å leita, og hamnar i ein del av skogen som brått verkar framand. Han er jaga av minna frå kvelden før, då han følgde Eleonora på nabogarden Storjord heim. Både uroa og lysta slit i han, og nye møte gjer nattas drama endå meir krevjande.

– Forlaget Oktober om "Sirenene"

Om Lytternes romanpris

Lytternes romanpris vart etablert i 1998 som P2-lyttaranes romanpris. Det spesielle med prisen er at ein lyttarjury for open mikrofon avgjerd kven som har skrive fjoråets beste roman. Det er sjeldan forfattarar får innsikt i korleis juryane kjem fram til konklusjonane sine, og det er også sjeldan forfattarar får høyre lesarane diskutere bøkene sine så grundig som tilfellet er her, minna Tormod Haugland om då programleiar Cille Biermann ringde han for å gratulere:

– Eg har følgd med på sendingane kvar dag, og syns det var veldig interessant å høyra boka mi bli omtala. Eg kjende meg veldig heldig sidan boka var gjenstand for så mange fine diskusjonar.

Medlemmer som er nemnde i denne saka