Litterær hagefest i Adrianstua 2015

For femtande gong inviterer Trøndersk forfattarlag og Norsk Forfattersentrum til Litterær hagefest i Adrianstua, Trondheim kommunes forfattarbustad. På hagefesten feirar vi årets mange midtnorske bøker. Årets hagegjest er Erlend Loe, han deltek både på barneprogrammet og i ei samtale om den nye romanen sin. Fjorårets hagefest hadde 503 besøkande, vi håpar det kjem like mange i år! Arrangementet er gratis og ope for alle.

hagefest_facebook1

Rekordmange litteraturarrangement

Denne hausten blir det fleire litterære arrangement i Trondheim enn nokon gong før! På hagefesten lanserer Litteraturhuset i Trondheim og Norsk Forfattersentrum Midt-Norge eit fyldig og variert haustprogram.

Barneprogram

Mange er spente på den siste dagboka i serien om Oda. På hagefesten les Nina Elisabeth Grøntvedt frå den rykande ferske Happy Ending, liksom (med undertittelen «Å elske eller IKKE elske, det er i hvert fall ETT av spørsmålene»). Her får vi høyre korleis det går med Oda når ho begynner på ungdomsskulen. I tillegg blir det opplesing med Erlend Loe og quizløype med premiar.

Årets hagegjest - Erlend Loe

Vi er glade for at Erlend Loe tek turen til heimbyen Trondheim. Litteraturvitar Siv Gøril Brandtzæg vil intervjue Loe om forfattarskapen hans og den komande romanen Slutten på verden slik vi kjenner den – den tredje boka om Doppler. Etter tre år i dei djupe skogane, kjem Doppler på at han har ein familie. Han plasserer elgen sin, Bongo, i ein kennel for hjortedyr og vandrar inn i Oslo.

Debutantar

Vi har med oss debutantane Margrethe Aas og Bjørn Vatne. Margrethe Aas gjev ut diktsamlinga Vy der vi kjenner att Trondheim som eit bakteppe. Boka undersøkjer korleis vi utformar og forstår dei urbane omgjevnadene våre og korleis dei påverkar oss. Aas arbeider ved byplankontoret i Trondheim kommune. Bjørn Vatne har gjeve ut romanen Slik skal vi velge våre ofre. Boka fortel om åleinefaren Kjetil som arbeider i eit reklamebyrå. Om natta skriv han den anonyme bloggen Oppløsningsrepetisjonene, der han lèt sterk aggresjon få utløp. Når Kjetil sine ulike livssfærer og språksfærer begynner å kollidere, oppstår ei sterk spenning. Bjørn Vatne tek turen til Trondheim frå Ålesund.

Litteratur i mange sjangrar

Ei rekkje forfattarar deltek med opplesingar. Rakel Solstad er aktuell med si andre bok med tittelen Falle, ni noveller om å miste. Egil Postmyr gjev ut sin andre roman, Bedre å dø stående enn å leve på knærne. Her går det liner frå Trondheim til den spanske borgarkrigen. Kristin Ribe les frå romanen /Lyte/, der vi møter vi ei kvinne som er alvorleg sjuk, men som vel å isolere seg i staden for å få behandling. Marte Huke har tidlegare gjeve ut fire diktsamlingar, og i haust kjem ho ut med sin fyrste roman, Naturhistorie. Harald Nortun les frå ungdomsromanen Eksperimentet der tvillingane Amund og Amanda leiker seg med å byte namn og klede. Årets hagefestkunstnar er Karianne Stensland som skal ha ein musikalsk performance i garasjen. Konferansier er forfattar Mathias R. Samuelsen som bur i Adrianstua.

RINGVEBUKTA,  FAGERHEIM ALLÉ 99, TRONDHEIM
SØNDAG 30. AUGUST KL. 14.00–19.00
GRATIS INNGANG, OPE FOR ALLE

Sal av mat og drikke. Norli City Syd sel bøker av forfattarane. Ta med varme klede!
Velkomen til ein triveleg hagefest!

Du finn programmet her: Program

Arrangør: Trøndersk forfattarlag, Adrianstua og Norsk Forfattersentrum
Støtta av: Trondheim kommune, Fritt Ord, Norsk Forfattersentrum Medlemsfondet og forfattarane sine forlag

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.