Norsk Forfattersentrum er ein organisasjon for forfattarar, med 1550 medlemmar. Vi skapar kontakt mellom forfattarar og publikum og sikrar at forfattaren får riktig honorar. Norsk Forfattersentrum Midt-Norge arrangerer Æ Å Trondheim litteraturfestival annakvart år. Neste festival vil bli gjennomført 14.–17. mars 2019.
Vi søkjer etter ein person som kan fungere både som prosjektmedarbeidar og tilkallingsvikar. Som prosjektmedarbeidar for Æ Å Trondheim litteraturfestival skal du arbeide ein dag i veka frå 6. august 2018 til 17. mars 2019 (i alt 30 arbeidsdagar). Vi ynskjer òg at medarbeidaren ved behov kan fungere som tilkallingsvikar ved kontoret.
Vi søkjer ein person som er:
• lett å samarbeide med.
• dyktig til å skrive søknader og informasjonsmateriell.
• god på kontorarbeid, held tidsfristar og arbeider strukturert.
• godt oppdatert på norske samtidsforfattarar.
• engasjert og har gode idear.
Det er ein fordel om du har erfaring med budsjettering, planlegging og gjennomføring av litterære arrangement. Arbeid med finansiering er ein vesentleg del av stillinga. Du må kunne like ein hektisk arbeidssituasjon og ta ansvar under gjennomføringa av festivalen.
Arbeidsoppgåver for prosjektmedarbeidar Æ Å Trondheim litteraturfestival:
• Utforme og sende søknader om støtte innanfor tidsfristane.
• Organisere møte med samarbeidspartnarar og kunstnarisk råd. Føre møtereferat. Utforme samarbeidsavtaler.
• Planleggje og programmere festivalen i samarbeid med kunstnarisk råd og administrasjonen.
• Informasjonsmateriell, pressearbeid og synleggjering.
• Bestille reiser.
• Korrespondanse og oppfølging av inviterte forfattarar.
• Utarbeide og kvalitetssikre køyreplan for festivalen.
• Delta i gjennomføringa av festivalen, med oppfølging av gjestar og frivillige. Praktiske oppgåver.
Arbeidsoppgåver som tilkallingsvikar:
• Registrere oppdrag til fakturering i økonomisystemet vårt.
• Formidle forfattarar til oppdrag.
• Yte service, svara på e-postar og telefonar.
• Gjennomføre arrangement.
• Forefallande arbeid.
Meir informasjon om stillinga får du frå avdelingsleiar Guri Sørumgård Botheim: 21 09 57 70/970 31 624.
Skriftleg søknad og CV skal sendast seinast torsdag 31. mai 2018 til guri@forfattersentrum.no
Attestar og vitnemål kan leggjast fram på intervju.