Tidlegare i år melde Kulturrådet at Norsk Kulturfond hadde sett av 5,5 millionar kroner til ei satsing på formidling av litteratur til barn og unge. Det er frå denne potten Norsk Forfattersentrum no har fått støtte frå til eit heilt nytt prosjekt:
– Målet med #PostkodeNorge er å inspirere barn og ungdommar i heile landet til meir lesing og skriving, og å leggje til rette for gode ytringsmiljø rundt dei unge, fortel prosjektleiar Ida Endestad. – Prosjektet skal bidra til at unge med ulike bakgrunnar evnar å koma til orde og sikre eit breitt meiningsmangfald, og samtidig utforske effekten av å framsnakke norske barne- og ungdomsbøker i sosiale medium.
Verkstad og lanseringar
Heilt konkret er planen er å utvikle «kreative pakker» lokale arrangørar kan bestille. Pakkene kan ha ulike tema, men ha lik struktur: Først ein skriveverkstad for ungdommar leia av ein forfattar som skal føre fram til ein tekst og publisering. I neste omgang eit lanseringsarrangement laga i tett samarbeid med ungdommane.
– Som aktive arrangørar kan ungdommane laga sitt eige draumearrangement og byggje arrangørkompetanse, utdjupar Endestad. – Å promotere og å dokumentere lanseringa kan også bli ein artig del av prosjektet!
Avhengig av ekstern støtte
#PostkodeNorge er eit nytt prosjekt på sida av Norsk Forfattersentrums daglege drift. På grunn av ein pressa økonomisk situasjon har administrasjonen ikkje moglegheit til å gjennomføre slike prosjekt utan ekstern finansiering.
– Prosjektet vil likevel dra nytte av infrastrukturen vår, presiserer Endestad. – I tillegg til prosjektleiing og økonomistyring, vil vi bruke dei fem avdelingskontora våre aktivt. Gjennom avdelingskontora har vi unik kjennskap til forfattarar og arrangørar i alle regionane i landet. Profesjonelle forfattarar vil bli brukt til fasilitering og formidling i prosjektet, og vi vil i størst mogleg grad bruke kortreiste forfattarar, slik at nærmiljøa blir kjent med regionens eigne forfattartalent.
Treårig prosjekt
Prosjektet er treårig med ei innleiiande planleggingsfase til våren, og oppstart for arrangementa hausten 2023.
Visste du forresten at Norsk Forfattersentrum vart etablert i 1968, det same året som postkodesystemet vart innført her i landet?