Jublar for ny avtale med Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune inngår ny driftsavtale med Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. Dette er ei treårig tildeling på kr 70 000 for åra 2022–24. Avdelingsleiar Siri Aurland Bredesen er svært glad for avtala.

– Vi er rett og slett stolte. Tildelinga er ei anerkjenning av arbeidet vi har halde på med i mange år, fortel Aurland Bredesen. – Dette gjev oss råd og moglegheit til å prioritere møteplassar, arrangement og fagleg innhald for både publikum, arrangørar og forfattarar i Møre og Romsdal.

Å tilby eit litterært miljø

Møre og Romsdal har dyktige forfattarar som utmerkar seg innan ei rekkje sjangrar. Dei 36 medlemmane bur spreidd i heile fylket.
– Å følgje opp medlemmane i Møre og Romsdal kjennest ekstra viktig for oss fordi mange av forfattarane ikkje har eit forfattarmiljø eller kollegaer rundt seg i det daglege, forklarer Aurland Bredesen. – Vi ynskjer å tilby eit kollegialt nettverk. Mykje av arbeidstida vår blir brukt til å svara på spørsmål frå medlemmane per telefon og e-post. Dei rådfører seg med oss i økonomiske spørsmål, vi hjelper for eksempel til med å prissetja oppdraga deira.

Norsk Forfattersentrum står sjølve bak ei rekkje prosjekt og arrangement. I 2019–22 fekk Midt-Norgekontoret tilskot frå Norsk kulturråd til regional bransjeutvikling. Det vart blant anna brukt til å gjennomføre eit skattekurs i samarbeid med Seanse og eit søknadsskrivekurs i samarbeid med Møre og Romsdal forfatterlag, Bjørnsonfestivalen og Møre og Romsdal fylkeskommune. Podkasten «Min skrivemetode» var òg eit samarbeid med forfattarlaget og støtta av fylkeskommunen. Fem forfattarar frå fylket fortalde om skrivemetodane, arbeidsrutinane og skrivefilosofien sin.
– Med den nye driftsavtala ser vi fram til å utvikle nye prosjekt og samarbeid i fylket, seier Aurland Bredesen. Vi tek gjerne imot idear og ynske!

Eit litteraturfylke i utvikling

Det har skjedd mykje positivt for litteraturmiljøet i Møre og Romsdal dei seinaste åra, både med etableringa av eit litteraturnettverk, eit omreisande litteraturhus og reetableringa av Møre og Romsdal forfattarlag. Fylket har sterke formidlingsinstitusjonar som Aasen-tunet, Bjørnsonfestivalen, Den kulturelle skulesekken og Seanse – senter for kunstproduksjon.

Når arrangørar frå ulike stader i landet ringjer og spør etter forfattarar til eit arrangement eller oppdrag, tipsar avdelingsleiaren alltid om forfattarar frå Møre og Romsdal.
– Det er viktig for meg å minne oppdragsgjevarar om forfattarane som bur i denne delen av landet. Ved Midt-Norgekontoret har vi òg ein ambisjon om at forfattarane i enda større grad kan utvekslast mellom dei to midtnorske fylka. Vi ynskjer å vise fram forfatterne frå Møre og Romsdal for arrangørar i Trøndelag – og motsett.

Midt-Norgekontoret er lokalisert i Trondheim, midt i ein stor landsdel. Dei tilsette er ofte på reisefot, for å delta på festivalar og møte. Siri Aurland Bredesen har vorte godt kjent i Møre og Romsdal i løpet av kort tid.
– Eg er jo enormt glad i å bade. Så langt har eg testa ut Moldefjorden, Årneset badeplass i Volda og har vassa i fjøra ved Atlanterhavsvegen. Eg gler meg til å reise meir framover og helse på enda fleire medlemmar og arrangørar.

Toppfoto: Avdelingsleiar Siri Aurland Bredesen på rundtur i fylket i samband med Bokåret 2019. Glimt frå Ålesund og Hansgarden Kornstad på Averøy.
© Norsk Forfattersentrum.

* * *

Fakta | Om Norsk Forfattersentrum

Norsk Forfattersentrum vart etablert i 1968 for å skapa kontakt mellom forfattarar og publikum. Medlemmane rådfører seg med oss i økonomiske spørsmål og fakturerer oppdrag gjennom oss.

Vi har 1800 medlemmar busette i heile landet som skriv skjønnlitteratur og sakprosa for barn, ungdom og vaksne. Medlemmane kan hyrast til opplesingar, samtaler, foredrag, skrivekurs, skulebesøk, digitale oppdrag og mykje anna. Viktige oppdragsgjevarar er bibliotek, skular, offentlege institusjonar, Den kulturelle skulesekken, bokbransjen, litteraturhus, festivalar og organisasjonar.

Norsk Forfattersentrum står bak ei rekkje arrangement, kurs, bransjebyggjande tiltak og tilbod til medlemmane. Dei største prosjekta våre er Dei litterære festspela, Æ Å Trondheim litteraturfestival, Fakta om fiksjon, Litterært springbrett, Litteraten og regionale bokdagar.

Tilskot frå staten er fundamentet i Norsk Forfattersentrums økonomi. I tillegg tek organisasjonen imot verdifull driftsstøtte og prosjektstøtte frå ei rekkje kommunar, fylke og andre finansieringskjelder.

Norsk Forfattersentrums Midt-Norgekontor har sidan 1996 teke imot regionale driftstilskot frå Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag (nå Trøndelag), Møre og Romsdal fylkeskommune og Trondheim kommune. Midt-Norgekontoret er lokalisert i Trondheim og har spesielt ansvar for Møre og Romsdal og Trøndelag. Midt-Norgekontoret har 151 medlemmar, 36 av desse er busette i Møre og Romsdal. Midt-Norgekontoret har per dags dato 1,6 årsverk.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.