HF-studentar skal lese Flatland og Carmona-Alvarez

Alle nye studentar ved Det humanistiske fakultetet ved universiteta i Bergen og Oslo får utdelt ein gratis roman denne hausten. I Bergen er «Chiquitita» av Pedro Carmona-Alvarez (Kolon forlag, 2023) vald ut, medan Oslo-studentane får «Etterklang» av Helga Flatland (Aschehoug, 2022).

Omslag henta frå forlaga Gyldendal, Kolon og Aschehoug.

«Humanistar les» heiter prosjektet Det humanistiske fakultet ved UiB har sett i gang. I tillegg til at Chiquitita av Pedro Carmona-Alvarez blir delt ut gratis til alle nye HF-studentar, arrangerer fakultetet lesekafé der ein kan lese og diskutere boka med andre studentar, bokbad der forfattaren fortel og les utdrag, og panelsamtale med forfattar, fagfolk og andre studentar.

I Oslo kallar dei prosjektet «Hele HF leser», og har allereie vore gjennom Zeshan Shakars De kaller meg ulven (Gyldendal, 2022). Denne hausten er det altså Helga Flatlands bokhandlarprisnominerte Etterklang studentane skal lese.

— Det uroar oss at studentane har lese mindre før dei kjem hit. Dei har òg lese færre heile verk, seier HF-dekan ved Universitetet i Oslo Gunn Enli til nettavisa Khrono. — Med dette prosjektet håpar me at studentane venner seg til lenger tekstar og òg til å lesa papirbøker.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene